Nyhende

Vil du vera flyktningguide?
Publisert: 9. 03. 2016
av Geir Svendsen
Har du lyst til å bli betre kjent med våre nye innbyggjarar, og kan du tenkja deg å visa ein av dei vegen i lokalsamfunnet vårt? Då kan du melda deg på som flyktningguide!
Røde Kors Vik skal halda eit uforpliktande informasjonsmøte for interesserte på Flatbygdi skule (rom 319) på måndag den 14. mars kl 18. Om ikkje det høver, kan du lesa meir om flyktningguide på nettsidene til Røde Kors Norge.
For meir informasjon ta kontakt med: Oddvin Rinde, tlf 911 20 571