Stølsvegen til Legdene i Fresvik

Vik kommune har starta opp arbeidet med sti-og løypeplan

Vestland fylkeskommune har invitert kommunane til å delta i eit nasjonalt prosjekt (2019-2023) for utarbeiding av ein plan for friluftslivet sine ferdselsårer, som mellom anna skal betre turvegar, turstiar, turløyper og turled i kommunane.

Prosjektet er forankra i klima- og miljødepartementet sin Handlingsplan for friluftsliv (2018) og skal betre kunnskapsgrunnlaget for forvaltning og planlegging. Ein slik plan er ei naturleg vidareføring av arbeidet Vik kommune gjorde med kartlegging og verdisetting av friluftsområde (ferdig i 2019) og det nasjonale turskiltprosjektet (2014-2018) knytt til merking, gradering og skilting av turløyper. Vik kommune har med dette som bakgrunn starta arbeidet med ein sti- og løypeplan. Arbeidet skal fylgje miljødirektoratet sin rettleiar (M-1292).

Kommunestyret vedtok oppstart av arbeidet med sti- og løypeplan for Vik kommune i møtet 25.6.2020 (saksnr. 037/20). Planen er også omtalt i utkastet for Vik kommune sin planstrategi som er planlagd vedteken i 2021. I fylgje handlingsplanen til den interkommunale kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde 2016-2027 har Vik kommune ansvar for utarbeiding av ein sti- og løypeplan for sitt område. Vik kommune har fått løyvd eit tilskot på 60.000 kr til arbeidet med planen.

Det er danna ei administrativ prosjektgruppe på tre personar som skal jobbe med planen. Det er same arbeidsgruppa som har jobba med kartlegging av friluftslivsområde. Prosjektgruppa ynskjer å ha med ei referansegruppe, som består av m.a. bygdelag, idrettslag og turlag. Desse vil bli skriftleg inviterte til å bli med i arbeidet.

Det er laga ein kort prosjektplan for arbeidet. Det vil bli jobba med eit høyringsutkast for sti- og løypeplanen fram til våren 2022. Under høyringa kan alle komme med innspel. Det er sikta til eit politisk vedtak om godkjenning av planen samt publisering før sommarferien 2022. 

Lenkje til prosjektplanen

Tips ein ven  Skriv ut