Nyhende

Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse
Publisert: 16. 12. 2019
av Wenche Hauglum
Vik kommunestyre har vedteke at kommunen skal dekke kostnader for vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse for alle 18 åringar i kommunen. Elevar på vidaregåande skule får informasjon og tilbod om denne vaksinen av skulehelsetenesta på skulen sin i januar, eller februar 2.skuleåret.
Elevar frå Vik som tek vaksina vil få dekka utgifter til vaksinen ved å få utstedt vaksinasjonskort, signert og stempla kvittering frå vaksinatøren.
Denne dokumentasjonen må dei så levera/senda tenestetorget i Vik kommune saman med kontonummeret som pengane skal overførast til.
Meir informasjon om vaksina finn de på www.fhi.no eller Vik kommune si heimeside.
Vik 16.12.19
Helge Johan Bjordal / Inger Lise Fjærestad
Kommuneoverlege / Leiande helssjukepleiar