Nyhende

Tilskot til meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i 2020
Publisert: 3. 04. 2020
av Åse Berit Balvoll
Gjennom regionale miljøtilskot finst det fleire tilskotsordningar for meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i Vestland.
Vilkåra for å kunne motta tilskot gjeld all gjødsling gjennom sesongen. De må difor vurdere kva som kan vere relevant no, før vårgjødslinga startar.
Det er tilskot til:
- Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging
- Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange
- Kantsone i eng (gjeld berre nær prioriterte vassdrag)
- Spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen (gjeld berre nær prioriterte vassdrag)
Les meir om Fylkesmannen si oppmoding om miljøvennleg gjødsling på denne lenkja.
Fylkesmannen i Vestland