Tenester A-Å
Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet
Generelt
Tenesteomtale
Dersom du meiner at du ikkje får eit tilfredsstillande utbyte av det vanlege, tilpassa opplæringstilbodet for vaksne på grunnskuleområdet, har du rett til spesialundervisning.
Det kan til dømes vere dersom du
- er eller har vore sjuk eller skadd
- har særleg behov for å meistre daglege gjeremål
- treng grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
- treng grunnleggjande lese- og skriveopplæring
- treng motorisk trening
Pris for tenesta
Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.
Opplæringslova § 4A-2 og kapittel 5
Forskrift til opplæringslova kapittel 5 Klage på vurdering.
Lover
OpplæringslovaForskrifter
Forskrift til opplæringslova___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje om spesialundervisninga.
Sakshandsaming
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Sakshandsamingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Høve til å klaga
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli ?teken til følgje.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27
Sjølvbetening
- Enkeltvedtak - klage
- Fravær - krav om sletting av gyldig fravær
- Fremmedspråk/fordypning/arbeidslivsfag - påmelding eller søknad om å bytte
- Karakterer - klage
- Kommunal tjeneste - klage
- Permisjon fra undervisning - søknad
- Skole - elevinformasjon og samtykke fra foresatte
- Skole - melding om skolebytte ved flytting
Tenesteomtalar
- Brukarmedverknad i skulen
- Den kulturelle skulesekken
- Grunnskuleopplæring - retten til gratis opplæring
- Grunnskuleopplæring for vaksne
- Informasjon frå skolen til ikkje-sambuande foreldre
- Leksehjelp i grunnskulen
- Ordensreglement i grunnskolen
- Permisjon frå grunnskuleopplæring
- Rådgiving i skulen
- Skulestart
- Skuletilknyting
- Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet