Høgretjørn

Sonevatning i Vik og på Vangsnes

Dei innførte vatningsrestriksjonane har gjort at kommunen nå har langt betre kapasitet og betre kontroll på forbruket. Kommunen set stor pris på at innbyggjarane lojalt har følgt vatningsforbodet.

Kommunen opnar no opp for vatning i avgrensa periodar, med inndeling etter husnummer. Dette gjeld alle private abonnentar som er knytt til Vik og Vangsnes vassverk.

Vatningstidene er slik:

  • Like husnummer (partal): Vatning måndag og onsdag frå 18.00 til 21.00
  • Ulike husnummer (oddetal): Vatning  tysdag og torsdag frå 18.00 til 21.00


Me håpar dette er ei løysing som vil hjelpa noko på situasjonen for private abonnentar.

Tips ein ven  Skriv ut