Nyhende

Sommarles fest for åttande år på rad
Biblioteka i kommunen arrangerte i går kveld sommarles-fest i Blixhalli for 8. år på rad. Årets utgåve var heilt digital, noko som vart ein stor suksess.
Mange leselystne og spente born møtte fram til kampanje-avslutninga, og i alt 195 elevar var med i trekninga av mange flotte premiar. Biblioteka i Vik kommune er på topp i fylket med 86,7 % oppslutning.
Festen vart starta med Askeladden friteater med førestillinga "jeg fant, jeg fant". Askeladden er glad i å ferdas rundt på leiting etter ting, eller på veg til Kongsgården for å målbinda prinsessa. Det er noko alle som kjenner Asbjørnsen og Moe eventyret veit. Når Askeladden også møter trollet på Hedalsskogen, dei tre bukkane Bruse, og kjerringa som satt fast nesa i stubben på ferda si – ja, då vert det eventyrleg spanande og morosamt.
Den heldige vinnaren av hovudpremien, ein iPad air sponsa av Sognekraft, vart Hilma Vangsnes.