Nyhende

Sommarles 2016
Publisert: 15. 09. 2016
av Geir Svendsen
Biblioteka i kommunen arrangerte i går kveld sommarles-fest på Vangsnes skule for 6. år på rad. Mange leselystne og spente born møtte fram.
Festen vart starta med ei forviklingskomedie med Heksagon og klovnen Boboz. Dette var særs moro for alle dei frammøte. 114 av borna var med i trekninga av mange flotte premiar. Den heldige vinnaren av hovudpremien, ein iPad air sponsa av Sognekraft, vart Oskar Fosse. Han fekk overrekt premien på skulen i fyrste time i dag. På biletet ser vi Oskar saman med biblioteksjef Mona Svendsen og oppvekstsjef Bjarnhild Samland.