Nyhende

Sognenett utvidar breibands-tilbodet på Vangsnes
I september 2015 var FTH-anlegget (Fiber Til Heimen) på indre deler av Vangsnes ferdig. I samarbeid med Vik kommune utvidar Sognenett no tilbodet på Vangsnes til også å dekka Vangsnes sør, frå Veslehagen til Gotevik.
Sognenett startar i veke 16/17 utviding av anlegget, og interesserte kan ta kontakt med Sognenett AS for meir informasjon og tinging av abonnement. Sognenett arbeider også med utviding av dekningsområdet i Vik sentrum, og eventuelle spørsmål rundt dette kan rettast til Sognenett.
Når det gjeld status for breibandsutbygging i resten av kommunen, er Telenor i ferd med å byggja FTH-anlegg til alle innbyggjarane i Feios. Kommunen har også starta arbeidet med planlegging av tilsvarande anlegg i Fresvik. I mai vil me søkja om statleg tilskot for utbygging i Arnafjord. Alle dei nemnte tiltaka er i høve prioriteringar gjort av kommunestyret våren 2013 og vidare i arbeidet med økonomiplanen for 2016 - 2019.
Me arbeidar også intensivt med ein IKT-strategiplan som mellom anna skal seia noko om vidare utbygging av høgkapasitets breiband og mobilkommunikasjon i kommunen. Me legg opp til ambisiøse mål om tilfredsstillande dekning til alle fastbuande innan 2020. Me har som mål at denne planen skal vera ferdig handsama av kommunestyret før sommaren.