Vikafjellet bilete ved grensa

SNO varslar tilsyn og kontroll av motorferdsel i utmark

Frå tid til anna vert det observert at det vert køyrt til og frå hytter på fjellet utan at det skjer på lovleg etablert / godkjent veg.

 Til dømes er dette observert over tid ved Søre Skjelingen og andre stadar på Vikafjellet.
Statens naturoppsyn (SNO) fører tilsyn og kontroll, og kan i legga gebyr for brot på motorferdsellova. Dei har no varsla at det framover vil bli auka tilsyn og kontrollar på mellom anna Vikafjellet.

Tips ein ven  Skriv ut