Nyhende

Simas tek over ansvaret for tilsette og køyring av renovasjonsrutene
Publisert: 21. 09. 2017
av Geir Svendsen
SIMAS IKS har no inngått avtale med bustyret i RenoNorden-konkursen. Avtalen medfører at SIMAS tek over ansvaret for både dei tilsette og køyring av renovasjonsrutene.
Simas vil i morgo køyre renovasjonsruta som ikkje vart køyrd i dag, torsdag, samt renovasjonsruta fredag. Me er svært glad for at det vart ei løysing på ein rask og god måte slik at kundane ikkje vart råka av dette, seier direktør i SIMAS IKS Hallvard Thomassen. Dette betyr at dei som ikkje fekk tømt dunken i dag må la den stå eller sette den ut att!
For ytterlegare informasjon kontakt: Hallvard Thomassen 57 65 70 71/99 57 81 18