Rusavhengig
Rusavhengig
Helsedirektoratet har bestemt at alle kommunane i landet skal ha ordningar som gir brukarutstyr for injeksjon gratis og enkelt tilgjengelig for alle injiserande stoffmisbrukarar som bur eller oppheld seg midlertidig i kommunen.
SMITTEFØREBYGGANDE TILTAK
Den beste måten å redusere infeksjoner er å slutte med eller redusere bruken av narkotika. Dette er ikkje alltid realistisk. Difor litt informasjon om korleis du kan redusere risikoen for infeksjoner ved misbruk av narkotiske stoff:
- Bruk alltid reine sprøyter kvar gang du injiserer.
- Del aldri sprøyter og anna brukerutstyr (kokekar, vatn, filter og bomullsdotter) med andre.
- Dersom du likevel brukar sprøyter fleire gonger eller deler med andre, reingjer sprøyte og spissar kvar gang ved å:
- Skylje sprøyte og spissar med reint vatn for å fjerne blodrestar og deretter koke dei i 10 minutt.
- Reinse sprøyter og spisser ved å la dei ligge i vanleg husholdningsklorin i 30 sekund, og deretter skylje sprøytene og spissane med reint vatn for å fjerne klorinet.
- Skylje sprøyte og spissar med reint vatn for å fjerne blodrestar.
- Sikre bedre injeksjonspraksis ved å:
- Vaske hendene godt før og etter injeksjon.
- Dersom mogeleg, kok det narkotiske stoffet.
- Vaske huda med alkoholbasert desinfeksjonsmiddel.
- Unngå å injisere på halsen og i lysken.
- Unngå å injisere intramuskulært eller subkutant.
- Bruk skadereduserande helsetiltak dersom desse er tilgjengelig som til dømes:
- Sprøyteutdeling og sprøyteinnbytteordningar.
- Legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
- Sprøyterom.
- Reinsing av brukerutstyr med klorin bl.a. i fengsler.
- Forsøk å begrense eller avstå frå bruk av narkotiske midler. Alternativt røyk eller sniff narkotiske stoff istadenfor å injisere dei.
- Bruk alltid kondom ved tilfeldige sexpartnere.
- Vær nøye med den personlige hygienen inkludert tannhygiene.
VAKSINERING og DIAGNOSTISERING
*Me tilbyr gratis undersøking med tanke på diagnostisering av Hepatitt B og C, og HIV. Dette vert utført ved ein blodprøve, samt evt samtale med ein lege.
*Dersom ein ynskjer det kan ein få gratis Hepatitt B vaksine- dersom ein ikkje er smitta.
*Alle som er HIV og/eller Hepatitt C positive skal tilbydast gratis henvising til behandling.
UTSTYR I BRUKARUTSTYRPAKNINGANE
*Sprøyter
*Nåler
*Kokekar og filter
*Røykefolie
*Askorbinsyre
Informasjon til kommunane om nødvendig smittevernhjelp (pdf)
Brukarutstyr er tilgjengeleg på Vik legekontor-Helsetunet adr.: Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn.
Me har ope frå kl 08.00-15.00 i tida 01.mai-15.sept., og kl 08.00-08.45 i tida 16.sept.-30.april.
Etter opningstid er telefonnummeret 116 117 spør etter legevaktlegen i Vik, så kan utstyr delast ut.
Innan ordinær opningstid kan legevakta hjelpe deg via dette telefon-nummeret: 576 98 700.
Vik Legekontor