elv

Revisjon av konsesjonsvilkår for Arnafjord og Vikvassdraga i kommunane Vik, Aurland og Voss

NVE avgjorde den 20.3.2018 at konsesjonsvilkåra for reguleringa av Arnafjord og Vikvassdraga skal reviderast. Revisjonsdokumentet skal no leggast ut til offentleg høyring, og NVE inviterer alle som har interesse av saka å uttale seg. Fristen er 1. april 2021.

På bakgrunn av krav frå kommunane og føringar frå NVE har Statkraft utarbeida eit revisjonsdokument som beskriv reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med. Revisjonsdokumentet og fråsegnene vil utgjere ein viktig del av grunnlaget for å fastsette reviderte vilkår.
På bakgrunn av revisjonsdokumentet og fråsegnene til dette skal NVE gi ei innstilling til Olje- og energidepartementet, med forslag til nye konsesjonsvilkår. Sentrale saksdokument blir lagde ut på NVE sine nettsider. I samband med sakshandsaminga vil NVE arrangere ei synfaring.

Revisjonsdokumentet er no m.a. lagt ut på kommunehuset i Vik. Opningstidene er måndag til fredag kl 8 – 15.

Dei som ynskjer ein papirversjon av revisjonsdokumentet tilsendt, kan ta kontakt med Statkraft v/Linda Helland, tel. 24067000 eller linda.helland@statkraft.com .

Fråsegner kan sendast NVE via NVE sine nettsida, frå sida om revisjonssaka, via e-post til nve@nve.no eller med post til NVE – Konsesjonsavdelingen, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo. Fråsegnene er offentlege dokument som vil bli refererte i innstillinga. Høyringsfristen er 1. april 2021.

Revisjonssaka på NVE sine nettsider:
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=7530&type=V-1

Direkte lenkje til digitalt revisjonsdokument:
http://webfileservice.nve.no/API/PublishedFiles/Download/201301639/3362581

Tips ein ven  Skriv ut