Nyhende

Reine prøvar også i dag - slutt på kokepåbodet
Publisert: 11. 07. 2018
av Geir Svendsen
Reine vassprøvar frå Bødalen vassverk for andre dag på rad, gjer at Vik kommune no opphevar kokepåbodet.
Kokepåbodet som gjaldt alle abonnentar tilknytt Bødalen vassverk, sjå kartutsnitt, vart oppheva onsdag morgon etter nok ein dag med fine prøvar. Behovet for koking oppstod førre helg etter tekniske problem med renseanlegget ved Bødalen vassverk. Feilen vart raskt retta, men det viste seg naudsynt med ei rekkje tiltak for å gjenoppretta feilfri vassforsyning.
Vik kommune beklager ulempene dette har medført for abonnentane.