17mai

Program for 17. mai 2020

Feiringa blir i 2020 digital. Tale av ordførar Roy Egil Stadheim og markeringane i grendene vil bli sendt via nettet. Programmet og lenker til nettsendingane finn du i denne artikkelen.

Grunna koronasituasjonen har det lenge vore klart at også feiringa av 17. mai blir utradisjonell i 2020. Det digitale programmet for markeringa i Vik kommune er no ferdig, og du kan lesa programmet og sjå nettsendingane nedanfor på det aktuelle klokkeslettet 17. mai.

For alle arrangement gjeld vanlege smittevernomsyn, og det er viktig at alle held minst 1 meter avstand. Maks tal personar til stades er 50. 

Alle nettsendingane blir produsert av Hallo Sogn, og ligg på Youtube-kanalen til Hallo Sogn.

 

Program for dagen

Kl. 08:00 - Salutt i Vik

Kl. 11.00 - Tale og nedlegging av krans ved Eivind Helleland på Nese. Denne markeringa vert sendt direkte her:

 

 

Kl. 12.45 - Tale og nedlegging av krans ved ordførar Roy Egil Stadheim i Vik (ved bautaen). Musikk ved Vik musikklag.

Kl. 13.00 - "Ja vi elsker". Musikk ved Vik musikklag.

Markeringa i Vik vert sendt direkte her:

 

 

Kl 13.15 - Tale for dagen v /ordførar Roy Egil Stadheim. Talen vert sendt her:

 

 

Kl. 13.30 - Musikk ved Vik musikklag ved Vik bygde- og sjukeheim.

Kl. 14.00 - Tale og nedlegging av krans ved Siri Wølneberg Bøthun ved bautaen på Vangsnes. Markeringa vert sendt direkte her:

 

 

Kl. 15.00 - Musikkinnslag ved Feios dugnadskorps ved Feios kyrkje. Markeringa vert sendt direkte her:

 

 

Kl 16.00 - Tale og nedlegging av krans ved Marta Sofie Vange i Fresvik. Musikk ved Fresvik skulekorps. Markeringa vert sendt direkte her:

 

Tips ein ven  Skriv ut