el syklar til utlån

Prøv ein el-sykkel

Vik kommune har med hjelp av tilskotsmidlar frå Miljødirektoratet (Klimasats) kjøpt inn to el-syklar som frå veke 46 vil vere til gratis utlån på Vik folkebibliotek. Føremålet med ordninga, som er ein del av kommunen sitt klimaprosjekt «Sats på sykkel!», er å leggje til rette for klimagassreduksjon i kommunen gjennom å gje innbyggjarane høve til å låne og prøve el-sykkel før ein eventuelt går til innkjøp av eigen el-sykkel. Forsking viser at el-syklar kan erstatte bil på kortare turar, t.d. i bygdesentra. Visste du at du kan redusere ditt personleg årleg karbonfotavtrykk med 1,4 % ved å ha ein bilfri dag i veka?

I fyrste omgang er det ein hybrid-sykkel (blanding av terrengsykkel og tursykkel) og ein lastesykkel som kan lånast ei veke om gongen. Målet er å etter kvart supplere med minst ein bysykkel. Ein må vere 18 år for å kunne låne syklane. Ein kan også låne tilleggsutstyr, slik som hjelm. Om vintrane vil syklane vere utstyrte med piggdekk.

For å låne tek ein kontakt med Vik folkebibliotek v/Mona Svendsen, tlf. 913 52 746 / 924 52 063, bibliotek@vik.kommune.no . Dersom sykkelen ein ynskjer å teste er utlånt, kan ein skrive seg på ei venteliste. Det er i utgangspunkt på tysdagar kl 17-21 biblioteket leverer ut og tek inn att syklane. Ein avtalar tidspunkt med biblioteket og signere ein enkel låneavtale. Det vil bli gjeve kort opplæring i bruk av sykkelen.

Tips ein ven  Skriv ut