Offentlege høyringar

Planstrategi for Vik kommune 2020-2023. Høyring og offentleg ettersyn
Formannskapet vedtok 05.11.2020, sak 128/20, at utkast til kommunal planstrategi for Vik kommune 2020-2023 vert lagt ut på offentleg ettersyn og høyring etter plan- og bygningslova § 10-1, 2. ledd.
Planstrategien tek stilling til utviklingstrekk og utfordringar i kommunen og ser dette i samanheng med kva planar som skal vidareførast, reviderast eller rullerast og om det er behov for nye planar i den inneverande kommunestyreperioden.
Planstrategien er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 11.11 – 14.12.2020.
Dei aktuelle dokumenta finn du her:
Saksutgreiing
Planstrategi for Vik kommune 2020-2023 - Høyringsutkast
Vedlegg: Status og utfordringar for Vik kommune
Innspel til planstrategi kan sendast til Vik kommune per brev eller på e-post: postmottak@vik.kommune.no innan 14.12.2020.
Alternativ innsending kan vere på formularet nedanfor. Innspelet/merknaden går då direkte til Vik kommune sitt sentrale postmottak .