Om kulturskulen

Velkommen til Vik kulturskule
Vik kulturskule vart etablert i 1980. Kulturskulen har 4 tilsette i tilllegg til kulturskulerektor.
I skuleåret 2020/2021 kan me tilby fylgjande fag:
- dans
- visuell kunst
- gitar
- piano
- samspel
- musikkterapi
Ein tek sikte på å drive mest mogleg desentralisert undervisning, men mange av tilboda vert lagd til Notestova i Vik. Kulturskulen fylgjer same undervisningsår som grunnskulen. Kulturskulen arrangerar jevnleg elevkonsertar og utstillingar.
Individuell undervisning - musikk:
Opplæring i grunnleggjande note-/ og rytmelesing og grunnleggjande speleferdigheiter. Eleven skal kunne spele kjende melodiar, barnesongar og små musikkstykker etter eit par år med individuell musikkopplæring.
Undervisning i grupper - dans:
Kulturskulen gir opplæring i ulike danseformer. Å kunne uttrykkje seg med rørsle, å oppleve, utøve og skape dans vil kunne gi eit positivt bidrag til elven si fysiske, emosjonelle, sosiale og intelektuelle utvikling.
Undervisning i grupper - visuell kunst:
Visuell kunst omfattar maleri, fotografi, kunsthandverk, teikning, grafikk og skulptur animasjon. Eleven får dyrke si kreative skaparglede. Opplæring i grunnleggjande teknikkar og uttrykksmåtar.
Musikkterapi - undervisning både i grupper og individuelt:
Faget fokuserar på relasjonar mellom musikk og helse. Musikkterapi er knytt til ulike praksisfelt til dømes i barnehage, skule, kulturskule og eldreomsorg. Musikkterapi er tilpassa musikkopplæring der eleven sjølv er ein aktiv pådrivar saman med hjelp av terapeuten.
Esempel på elevavgift:
- Individuell undervisning - frå kr 2050/halvår
- Gruppeundervisning - kr 1090/halvår
- Forbruksmateriell - kr 200/halvår
- Instrumentleige - kr 500/halvår
- Dirigentteneste - etter avtale
Fullstendig oversikt finn du under "gebyr" på heimesida til Vik kommune.
Kontaktinfo i fotobrosjyren eller ved å følgje denne lenka.
Frist for innmelding - 1. september - kulturskulen har elles rullerande opptak, så lenge me har plass tek me inn nye elevar midt i skuleåret
Frist for utmelding - 20. juni (ynskjer ikkje undervisning frå komande haustsemester) 1. desember (ynskjer ikkje undervisning frå komande vårsemester
Innmelding/utmelding finn du her.
Ta kontakt med rektor ved spørsmål.
Dora David
Mob. 97523903
Kulturskulen er ein skule med mykje kreativitet og moro i kvardagen :)