Nyhende
Olav Turvoll samrøystes vald til ny ordførar i Vik
Publisert: 15. 10. 2015
av Geir Svendsen
Det nyvalde kommunestyret i Vik valde i dag samrøystes Olav Turvoll frå Senterpartiet til ny ordførar. Roy Egil Stadheim vart ny varaordførar.
Avtroppande ordførar, Marta Finden Halset, overlet ordførarkjedet til den nye ordføraren. I samband med overleveringa vanka det også mykje ros og takk til avtroppande ordførar for å ha leia kommunen gjennom ei vanskeleg tid dei siste åtte åra.
Ny varaordførar vart Roy Egil Stadheim frå Arbeidarpartiet. Stadheim vart også samrøystes vald.
Det nye formannskapet i Vik er samansett slik:
- Olav Turvoll, Senterpartiet
- Roy Egil Stadheim, Arbeidarpartiet
- Aud Marit Berge Feidje, Arbeidarpartiet
- Morten Holmberg, Venstre
- Morten Midlang, Høgre