Ordførar og rådmann

Ønskjer møte med departementet om NTP

Kommuneleiinga har i dag sendt skriv til samferdsledepartementet og bede om møte med statsråd Ketil Solvik-Olsen.

Bakgrunnen er transportetatane sitt grunnlagsdokument til NTP 2018-2029 som vart lagt fram måndag. Første reaksjon var nok at ein vart både overraska og skuffa over dokumentet. Etter kvart er ein vorte klar over at dokumentet denne gongen ikkje er eit framlegg frå transportetatane, men eit grunnlagsdokument for den vidare politiske handsaminga. Politisk påverknadsarbeid blir difor ein viktig aktivitet framover mot endeleg NTP-handsaming i Stortinget i juni 2017.  

Tips ein ven  Skriv ut