VBS

Nye reglar for besøk til institusjonar under Covid-19 epidemien

Ny reglar for besøk ved Vik bygde- og sjukeheim og opning av dagsenter for demente.

Vik kommune har utarbeidd nye retningsliner for besøk ved Vik Bygde og Sjukeheim. Desse vert gjeldande frå 5. juni. Me vonar og trur at dette vil vera godt for både bebuarar og pårørande. Institusjonen er pålagt å føre kontroll med kven som er på besøk, difor må ein avtale tid med avdelinga. Me er også pålagt å syte for at generelle smittevern reglar vert gjeldane. Retningsliner for eit trygt og godt besøk på Vik Bygde og Sjukeheim finn du her. Retningslinene følgjer nasjonale råd som vart oppdatert 27.5.20 (sjå informasjon nedanfor).
 
Dagsenter for demente vert planlagt opna igjen onsdag 10. juni. 2020. Heimetenesta vil ta direkte kontakt med brukarane av senteret for meir informasjon.

Ordningane for besøk i omsorgsbustadane er slik dei har vore sidan 1. mai, og desse kan du lesa her.

Vik kommune har heile tida følgt nasjonale råd om besøksordning i helseinstitusjonar og i omsorgsbustadar. Sidan 1. mai har me hatt lokale retningsliner for besøk som er tufta på desse tilrådingane. Desse er gjort kjent for pasientar og pårørande. Mange har hatt stor glede av desse besøka. Det er likevel sik at det har vore avgrensingar både i tid for besøket, tal pårørande om gongen og kor pasient og pårørande har kunna møtt kvarandre. Alt dette for å ha kontroll på ei eventuell smittespreiing, og å redusera smittefaren for sårbare grupper i kommunen.

27.5. la helseministaren ut ny rettleiar som gjer det mogeleg å auka opp meir for besøk på kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar. Denne byggjer framleis på dei generelle krava til smittevern og smittereduserande tiltak. Den legg også opp til avgrensingar i besøksordningane. Dørene vert enno ikkje opna for fri tilgang. Personalet skal ha kontroll på kven som er på institusjonen til ei kvar tid, og skal gjera alle overflater reine etter kvart besøk. Dei besøkjande skal halda avstand til pasienten (minimum 1 meter), ha god handhygiene og halda seg heime dersom dei er sjuke. I rettleiaren vert det også opna for at andre grupper kan få tilgang til institusjonane. Dette kan gjelda frivilleg besøkjande og underhaldning. I tillegg til dette oppmodar ein om å vurdera å opna opp dagsenter.

Helsedirektoratet sine råd om besøk i helse og omsorgsinstitusjonar kan du lesa her.

Tips ein ven  Skriv ut