Nyhende
Ny tømmerforordning trer i kraft 1. mai
1. mai trer den nye EU-tømmerforordninga (forordning 995/2010 EU) i kraft i Noreg. På same tid blir det endringar i forskrift om skogfond, knytt til den nye forordninga.
Dei viktigaste endringane er at skogeigar må oppgje om han er sertifisert og etter kva system. Det må stadfestast at skogeigar har gjort ei aktsomhetsvurdering, dvs. har sikra seg at at norsk lovgjeving relatert til skogbruk er ivareteke. I tillegg blir det no stilt krav om at det skal registrerast kva treslag som inngår i sortimentet også for lauvtre. Der det ikkje er eintydeg kva treslag som inngår, skal det leggjast ved ei treslagsliste. Det blir også stilt krav på om å registrere kontraktsnummer eller anna referansenummer som identifiserer kontrakten.
Aktuelle dokument finn du her:
- Melding frå landbruks- og matdepartementet
- Endring av skogfondforskrifta
- Forskrift om omsetning av tømmer og treprodukter med opprinnelse i Norge