Nyhende

Ny fastlege i Vik kommune
Publisert: 30. 05. 2018
av Geir Svendsen
Silje Grønningsæter har takka ja til stilling som fastlege i legetenesta i Vik. Stillinga er fast. Silje byrjar i stillinga i slutten av august 2018.
Silje var ferdig med legeutdanning i 2003 og hadde etter dette turnusteneste ved Førde sentralsjukehus og i Førde kommune. Deretter jobba ho ei tid som fastlegevikar i Sogndal før ho gjekk over til jobb innan psykisk helsevern. Ho har fleire års erfaring både frå barne- og ungdomspsykiatri og frå vaksenpsykiatri.
Rådmann Oddbjørn Ese seier i ein kommentar at ein i kommunen er svært tilfreds med at Silje har takka ja til stillinga, og at dette er eit svært kjærkome bidrag til ei meir stabil legeteneste i kommunen.