Motorferdsel i utmark og vassdrag

Generelt

Tenesteomtale

Snøskuterar og motorkøyretøy

Skal du bruke motorkøyretøy eller luftfartøy i utmark til føremål som ikkje er offentleg kjende nytteføremål, må du søkje kommunen om løyve. Turkøyring kan skje i fastsette snøskuterløyper til slikt føremål. 

Vannskuter og andre motorfartøy

Vannskuterar er i utgangspunktet tillate i innsjøar større enn 2 kvadratkilometer, på elvestrekningar og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer dersom desse går inn som ein del av eit farbart vassdrag. Men kommunen kan avgrense bruken.

"Motorferdsel" omfattar alle typar motordrevne framkomstmiddel.

"Utmark" er areal utanfor innmark, der stølsområde, kulturbeite, skogplantefelt, og skogsvegar som ikkje er opparbeidd for bil er døme på areal som vert rekna som utmark etter motorferdselslova.

Reglane for motorferdsel på snøføre er mindre strenge enn for køyring på barmark, fordi det gjev mindre skader på terreng og vegetasjon enn barmarkskøyring.

Kriterium/vilkår

Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei føremåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter til og frå hytter.

aaa

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen (eller Fylkesmannen) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

Skjema

Motorferdsel i utmark - søknadskjema

Vedlegg

  • Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
  • Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
  • Kart som viser køyretraseen
  • Eventuell dokumentasjon av særlege behov

Søknadsfrist

Søknaden må sendast i god tid.

Høve til å klaga

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2020-07-20 11:27

Sjølvbetening

Tenesteomtalar