Covid 19

Midlar til å utvikle bedrifta di - næringsfond

Vik kommune opnar no for søknader på restmidlane av det Covid-19 relaterte næringsfondet, og oppmodar samstundes alle som har gode prosjekt til å søkje midlar frå det ordinære næringsfondet.  

Alle søknader som kjem inn seinast 31.12.2020 vert handsama tidleg i 2021. 

Under finn du informasjon om og lenkjer til begge fonda. I samband med handsaminga vil Vik kommune vurdere søknadar opp mot begge ordningane til beste for søkjarane. 

Covid 19-fondet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke - fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost på kap. 553, post 61 Mobliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Vik kommune er tildelt 828 261 kr. I fyrste tildelingsrunde vart det delt ut 567 500 kr, slik at det står att 260 761 kr til fordeling. 

Det ekstraordinære næringsfondet skal bidra til å dempe effektane av koronakrisa i næringslivet, og stimulere til sysselsetjingsvekst i samsvar med gjeldande strategisk næringsplan.

Prosjekt med stor sysselsettingseffekt vert prioritert. Det er og eit overordna mål å bidra til meir regionalt samarbeid i næringslivet og næringsutviklingsarbeidet. 

  • Prosjekt som er knytt til prioriterte område i strategisk næringsplan vert prioriterte. Næringsnettverket i Sogn skal brukast til å sikre god samordning av regionale prosjekt.
  • Prosjekt knytt til reiseliv skal koordinerast med Visit Sognefjord. Eventuelle prosjekt med Visit Sognefjord som søkjar, skal koordinerast gjennom næringsnettverket.
  • Prosjekt med fleire enn ein søkjar, og prosjekt som har potensiale for å løyse ut fleire eksterne midlar vert prioriterte. 

Du søkjer på det ekstraordinære næringsfondet i samband med Covid-19 her.  

Kommunalt næringsfond

Det kommunale næringsfondet har eigne retningsliner vedtekne 4. april 2019 og desse er basert på innhaldet i strategisk næringsplan for Vik kommune.

Det kan mellom anna søkjast om tilskot til:

  • Rettleiing og kurs
  • Kompetanseheving
  • Etablering / oppstart
  • Vidareutvikling
  • Investeringar
  • Bygdeutviklingsarbeid

Du søkjer på det kommunale næringsfondet her. 

Kommunalt næringsfond (Covid-19) forlenga søknadsfrist.

 

Sogn Næring skal sakshandsame søknadane til dei to fonda. Dei kan treffast her:

Sogn Næring AS

post@sognnaring.no

Line Bjelde - forretningsutviklar tlf. 906 18 483

Torgeir Skålid - dagleg leiar tlf. 975 87 931

Tips ein ven  Skriv ut