Illustrasjon Hesjaslettet

Kunngjering om vedtak av reguleringsplan for Hesjaslettet, Vik.

Kommunestyreret sitt vedtak  15.9.2016 om godkjenning av planframlegg  er kunngjort i Sogn avis  med fylgjande annonsetekst  (redigert):

 

Hesjaslettet

Reguleringsplan for Hesjaslettet vart godkjend  i sak 072/16.

Planområdet  på om lag 60 daa ligg langs austsida av Vikja  frå Føli bru og  om lag 900m sørover. Noverande arealbruk i området er landbruk. Om lag 14 daa er dyrka mark. Resten er i hovudsak bratt reine og utmark med noko skog.

Planen legg  til rette for  opparbeiding av ny plass for grønkompost, samt  masselager og massedepot i tråd med  føringar i  gjeldande kommuneplan.

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i Plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak.

Vedtaket kan klagast inn for Fylkesmannen av partar og andre med rettsleg klageinteresse. 

Evt. klage må vera innkomen  til Vik Kommune postboks 134,

6891 Vik i Sogn,  innan  24.10.2016

Klage kan sendast på E-post:   postmottak@vik.kommune.no

Partar i planområdet vert informerte med brev.

 

Viser til plandokument:

 

-Møtebok  Vik kommunestyre sak 72/16

-Planomtale

-Planføresegner

-Plankart

-illustrasjon 101

-Terrengsnitt 201

-Merknader  ved offentleg ettersyn.

-ROS-analyse

Tips ein ven  Skriv ut