kv

Koronaviruset - status i Vik kommune

Som følgje av dei nye nasjonale tiltaka, vert kommunehuset stengt for publikum frå onsdag 15.12.21 og førebels i 4 veker framover.

Vask hender hold avstand test - Nynorsk[1]

Siste status tiltak

Gjeldande frå og med 15.12.21 infører regjeringa nye nasjonale tiltak. Du kan finne oversyn over tiltaka på regjeringa sin nettstad ved å følgja denne lenka.

Som følge av dei nasjonale tiltaka, og utvida bruk av heimekontor, vert kommunehuset stengt for publikum frå 15.12.21 og førebels i 4 veker framover. Publikum kan nå kommunen på hovudnummeret (57 69 82 00) fram til og med 23.12.21. Frå og med 24.12.21 til og med 2.1.22, vert også sentralbordet stengt.

Me minner om nummeret til Vik legekontor 57 69 87 00, legevakt 116117 og akutt medisinsk hjelp: 113.

Me minner også om at tilhøve rundt teknsike kommunale tenester, som til dømes veg, vatn og kloakk, kan meldast på vakt-telefon 415 94 443.

Siste status vaksine

På grunn av auka smittepress og auka risiko for alvorleg koronasjukdom, tilrår FHI no å korte ned intervallet mellom andre og tredje vaksinedose til fem månader.

Det betyr at alle over 45, personar mellom 18 og 44 år i risikogrupper og tilsette i helse-  og omsorgstenesta no kan få tredje dose (oppfriskingsdose) mot korona fem månader etter andre dose.

Oversyn over risikogruppene finn du hjå FHI ved å følgja denne lenka.

Tinging eller endring av timar skjer  på www.besoklegen.no (vel: bestill time – koronavaksine – vel frå kalender) eller på telefon 57 69 87 00

 

Siste status smitte

Sidan 24. november har det vore 11 positive testar blant innbyggjarane i Vik. 

Innbyggjarar som har fått utdelt hurtigtestar frå Vik legekontor, kan sjå instruksjonar om rett bruk av desse på denne videoen på Youtube.

Dersom du ønskjer å følgja med på statistikk over tal smitta i kommunen, kan du følgja med på til dømes VG sin statistikk ved å klikka på denne lenka.

 

Innhald

 

Nasjonale reglar og lokal oppfølging

 

Gjeldande frå og med 15.12.21 infører regjeringa nye nasjonale tiltak. Du kan finne oversyn over tiltaka på regjeringa sin nettstad ved å følgja denne lenka.

Som følge av dei nasjonale tiltaka, og utvida bruk av heimekontor, vert kommunehuset stengt for publikum frå 15.12.21 og førebels i 4 veker framover. Publikum kan nå kommunen på hovudnummeret (57 69 82 00) fram til og med 23.12.21. Frå og med 24.12.21 til og med 2.1.22, vert også sentralbordet stengt.

Me minner om nummeret til Vik legekontor 57 69 87 00, legevakt 116117 og akutt medisinsk hjelp: 113.

Me minner også om at tilhøve rundt teknsike kommunale tenester, som til dømes veg, vatn og kloakk, kan meldast på vakt-telefon 415 94 443.

Attende til innhald, klikk her.

 

Koronatest i Vik kommune

Det vert utført koronatestar alle kvardagar kl 11.00 på Vik Legekontor. For å bestille test må du avtale på tlf 57 69 87 00. 

Råd om når du bør testa deg finn du på helsenorge.no ved å følgje denne lenka.

Attende til innhald, klikk her.

 

Vaksinering

Status per 13. desember 2021

Koronavaksine

På grunn av auka smittepress og auka risiko for alvorleg koronasjukdom, tilrår FHI no å korte ned intervallet mellom andre og tredje vaksinedose til fem månader.

Det betyr at alle over 45, personar mellom 18 – 44 år i risikogrupper og tilsette i helse-  og omsorgstenesta no kan få tredje dose (oppfriskingsdose) mot korona fem månader etter andre dose.

Oversyn over risikogruppene finn du hjå FHI ved å følgja denne lenka.

Tinging eller endring av timar skjer  på www.besoklegen.no (vel: bestill time – koronavaksine – vel frå kalender) eller på telefon 57 69 87 00

Du skal ikkje møta opp til vaksinasjon dersom du på vaksinasjonsdagen har symptom på forkjøling, feber over 38 °C, eller andre teikn på infeksjonssjukdom.

Koronavaksinen er gratis. 

 

Generell informasjon om vaksine mot Covid 19

Meir informasjon om vaksinasjonsprogrammet hjå FHI:

Attende til innhald, klikk her.

 

Besøk ved Vik Bygde- og sjukeheim

Etter nye retningslinjer frå FHI av 30.11. 21 oppmodar vi alle besøkande som skal inn på VBS om å bruke munnbind.  Me oppmodar også alle besøkande til å gå rett på pasientrom under besøket og ikkje opphalde seg i fellesareal.

Dersom ein ikkje klarar å halde avstand på to meter inne på pasientrommet, er det vikitg å også nytte munnbind under sjølve besøket.

Råd til besøkende og ledsagarar:

  • Besøkande/ledsagarar til pasientar/bebuarar i helse- og omsorgstenesta forheld seg til råd som til befolkningen elles, men bør ikkje komma på besøk dersom dei har infeksjonssymptom eller er definert som nærkontaktar.
  • Infeksjonssymptom gjeld ikkje berre symptom foreineleg med Covid-19, men også influensasjukdom, norovirus og andre smittsome tilstandar som kan medføra alvorleg sjukdom hjå kronisk sjuke og eldre.
  • For å kunna tilrettelegga for at ubeskytta bebuarar skal kunna leva som normalt kan me dessverre ikkje ta i mot besøkande i stovene på sjukeheimen, men ber om at ein hentar med seg den ein besøker til eigna fellesareal eller pasientrommet.
  • Ved besøk under måltid må pasienten innta måltidet på rommet.

Me har ikkje lenger fastsett besøkstid, men det er framleis ynskjeleg at ein legg besøk til tida mellom 10:30 og 18:00, då det i liten grad påverkar dagsrytmen til pasienten. Det er ikkje lenger naudsynt med føring av besøksprotokoll.

For spørsmål kan de ta kontakt med: 

  • Avdeling 1: 915 62 368
  • Avdeling 2: 975 83 095

Attende til innhald, klikk her.

 

Kven svarar på spørsmål om Korona

Spørsmål frå arbeidstakarar

Koronarelaterte spørsmål, som f.eks. gjeld arbeidsforhold, innreisekarantene, fare for smitte på arbeidsplassen m.m. ta kontakt med din arbeidsgivar. Det er arbeidsgivar si plikt å rettleie sine arbeidstakarar. 

UDI (innreisereglar, opphaldsløyve, karantene og dokumentasjon)

Frå midnatt fredag 29. januar gjeld det strenge reglar for innreise til Norge for borgarar frå alle land. UDI oppdaterer nettsida si etterkvart som dei får meir informasjon som gjeld innreisereglar og opphaldsløyve, eller spørsmål om å få lov til å reise til Norge. Du finn også informasjon om karantene og dokumentasjon for unntaka som gjeld for reise inn i landet. Les om dette hjå UDI ved å følgje denne lenka.

Har du spørsmål du ikkje får svar på kan du ringje til UDI-Vest på tlf.nr.: 55 30 09 99

Ved stor pågang må du pårekna kø på telefonen.

Nav svaar på spørsmål frå arbeidstakar som gjeld dagpengar, arbeidsavklaringspengar og permittering m.m. kontakt NAV på tlf.nr.: 55 55 33 33

 

Spørsmål frå arbeidsgivarar

Koronarelaterte spørsmål, som f.eks. gjeld innreisekarantene, risikovurdering/fare for  smitte på arbeidsplassen m.m. ta kontakt med arbeidstilsynet. 

Arbeidstilsynet – 73 19 97 00
Opningstider sentralbord: 08.00–15.45
Opningstider svarteneste og Chat: 09.00–11.00 og 12.00–14.00

Søknadsportal for godkjenning av innkvartering for arbeidstakarar i innreisekarantene finn du ved å følgja denne lenka.

UDI (innreisereglar, opphaldsløyve, karantene og dokumentasjon)

Frå midnatt fredag 29. januar gjeld det strenge reglar for innreise til Norge for borgarar frå alle land. UDI oppdaterer nettsida si etterkvart som dei får meir informasjon, som gjeld innreisereglar og opphaldsløyve, eller spørsmål om å få lov til å reise til Norge. Du finn også informasjon om karantene og dokumentasjon for unntaka som gjeld for reise inn i landet. Les om dette hjå UDI ved å følgje denne lenka.

Har du spørsmål du ikkje får svar på kan du ringje til UDI-Vest på tlf.nr.: 55 30 09 99

Ved stor pågang må du pårekna kø på telefonen.

Nav svarar på spørsmål frå arbeidsgivar som gjeld dagpengar, permittering, lønnskompensasjon, refusjonar m.m. kontakt NAV på tlf.nr.: 55 55 33 36

 

Spørsmål frå privatpersonar

Me oppmodar alle til å gå inn på Folkehelseinstitutet (FHI) si heimeside for å få informasjon og råd om koronaviruset. Har du spørsmål du ikkje får svar på kan du ringje informasjonstelefonen:

815 55 015. Ved stor pågang må du pårekna kø på telefonen.  

Unntak: Spørsmål om bestilling av test eller ved mistanke om smitte ring Vik legekontor på telefon 57 69 87 00.

Attende til innhald, klikk her.

 

Informasjon frå NAV Vik

"NAV Vik"
Postadresse: Postboks 93, 6891 Vik i Sogn
Telefon 55 55 33 33
E-post: nav.vik@nav.no
 

 

Alternative måtar å kome i kontakt NAV

Du finn alternative måtar du kan kontakte NAV på ved å følgje denne lenka.
 
Ring NAV kontaktsenter på telefon 55 55 33 33 mellom kl. 09.00-15.00. Her får du rettleiing.

www.nav.no er ope heile døgnet.
På «Min side» kan du; ta direkte kontakt med din rådgjevar via digital aktivitetsplan, nytte «Skriv til oss», sjekke utbetalingar, registrere deg som arbeidssøkjar, søke stønad m.m. Om noko hastar eller du ynskjer å setja opp avtale, kan NAV kontaktsenter vidareformidla melding, og det vert teke kontakt med deg.
 
Dersom du har spørsmål om pensjon kan du ringe 55 55 33 34 for rettleiing, er du arbeidsgjevar eller behandlar kan du ringe 55 55 33 36 for rettleiing.
 
Skal du levere noko til NAV kan du sende dette pr post eller legge det i konvolutt i postkassen utafor inngangsdøra til Kommunehuset.

Du finn elektronisk søknadsskjema på Vik kommune si heimeside under; Skjemaer bokstaven Ø, dersom du har behov for økonomisk sosialhjelp
 
Er du i akutt krise og må snakka med NAV Vik angåande sosiale tenester, ring tlf  907 01 724.»
 
Attende til innhald, klikk her.

 

 

Telefonnummer

  • Vik legekontor: 57 69 87 00
  • Legevakt: 116 117
  • Informasjonstelefon til Folkehelseinstituttet: 815 55 015

Attende til innhald, klikk her.

Tips ein ven  Skriv ut