kv

Koronaviruset - status i Vik kommune

Vik kommune har ikkje fått melding om nye smittetilfelle i kommunen sidan førre oppdatering.

Vask hender hold avstand test - Nynorsk[1]

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in English. Skip to information in English; click here. 

 

Denne sida vert oppdatert kvardagar om lag kl 09.00. I helgane og på raude dagar vert sida oppdatert ved nye koronarelaterte hendingar i kommunen.

 

Innhald

Status 4. desember

Vik kommune har ikkje fått melding om nye smittetilfelle i kommunen sidan førre oppdatering.

Status 27. november

Vik kommune har fått melding om eitt nytt smittetilfelle i kommunen sidan i går. Det er ein nærkontakt til ein tidlegare smitta som no har testa positivt. Vedkommande har vore i karantene og er no i isolasjon.

Status 26. november

Vik kommune har fått melding om eitt nytt smittetilfelle i kommunen sidan førre oppdatering. Smittesporing har starta, og den smitta er i isolasjon. Smittevegen er kjent. Den smitta har vore på reise, og er truleg smitta utanfor kommunen.

Status 25. november

Vik kommune har ikkje fått melding om nye smittetilfelle i kommunen sidan 3. november 2020.

Status 13. november

Vik kommune har ikkje fått melding om nye smittetilfelle i kommunen sidan førre oppdatering. 

Smittevernlegane i Helse Førde område  har følgjande sterke oppmoding til innbyggarane, og besøkjande i kommunen:

Den første tida etter heimkomst frå område med høgt smittepress har du høgare risiko for å vere smitta med viruset, men med enkle tiltak dei første ti dagane kan du beskytte dei rundt deg:

  • Hald 1 meters avstand til alle – og 2 meters avstand til eldre og kronisk sjuke som har auka risiko for alvorleg sjukdom om dei blir smitta
  • Ikkje besøk helse- og omsorgsinstitusjonane våre
  • Ikkje oppsøk stadar der folk samlast
  • Pass på at du har god handhygiene med hyppig handvask eller bruk av handsprit
  • Hald deg for deg sjølv og bestill test for covid-19 om du får teikn på luftvegsinfeksjon eller feber

Auka smittepress fleire stader i landet, har ført til ei innstramming av nasjonale føringar som er konkretisert i Covid-19-forskrifta. Smittepresset varierer mykje mellom og innad i dei ulike regionane i landet. På VG sine heimesider kan de alle finne god oversikt over smittestatus i landet, heilt ned på kommunenivå.

Både Oslo- og Bergen-regionane har no eit høgre smittetal enn i fleire europeiske land. Status i kommunane i det gamle Sogn og Fjordane er meir oversikteleg, det er låge smittetal hittil, men vi er bekymra for at den alvorlege smittesituasjonen i Bergen og Oslo skal spreie seg til vårt distrikt.

Pandemien har vart lenge, og vil vare i lang tid enno. Den nasjonale strategien er at vi alle held fast på dei generelle smittevernstiltaka om å halde seg heime ved symptom, halde avstand (minimum,1meter), god hand og hostehygiene og begrense tal nærkontaktar. I tillegg nyttar ein TISK- strategien, som betyr omfattande Testing, Isolering av påvist smitta personer, rask Smittesporing og å sette nærkontaktar i Karantene for å bryte vidare smitte. Lokale forskrifter nyttar ein ved ukontrollert smittesituasjon der denne tilnærminga ikkje lenger er god nok.

I gamle Sogn og Fjordane har denne strategien så langt vore vellukka. Dette skuldast nok mellom anna vår geografisk spreidde befolkning og innbyggarane si generelle gode evne til å følgje smittevernsråda. Vi meiner at no, med så mykje smitte omkring oss, så er det viktig å presisere det ansvaret kvar einskild har med tanke på å opptre på ein smittevernsmessig forsvarleg måte. Vi vil oppmode om å reise minst mogleg. Har ein vore i eit område med pågåande lokalt utbrot dei siste 10 dagane, utvise særskilt omsyn i forhold til omgjevnadane.

 

Status 6. november

Vik kommune har ikkje fått melding om nye smittetilfeller i kommunen sidan førre oppdatering. 

Me viser til regjeringa sine siste tilrådingar og retningslinjer, vedtekne torsdag, Desse nasjonale tiltaka betyr avgrensa sosial aktivitet og reiser for oss alle. Dette gjeld også å motta besøk. Dei nye nasjonale retnigslinjene kan du finna her. Kriseleiinga i kommunen har vurdert dei nye nasjonale tiltaka, og har førebels kome til at smittetrykket i kommunen ikkje tilseier at me per i dag treng å innføra strengare lokale tiltak. 

 

Status 3. november

Vik kommune har notert 3 nye smittetilfeller i kommunen sidan førre oppdatering. Den eine personen er ein nærkontakt busett i kommunen, og personen har vore i karantene dei siste dagane. Vedkommande har no gått i isolasjon. Dei to andre tilfella har kommunen ikkje fått direkte melding om, og det er difor grunn til å tru at dette er personar busett utanfor kommunen, men som er folkeregstrert i Vik.

Totalt registrert smitta i Vik er no 12.

 

Status 2. november

Vik kommune har ikkje motteke nye positive covid-19 testar sidan onsdag 28. oktober. Smittetilfella me hadde førre veke er kartlagde.

Smittevernlegen melder at smittesituasjonen no er oversiktleg i Vik kommune. 

Det tyder at ein kan samlast i mindre grupper, sjå informasjon frå Helsedirektoratet her.

Vik kommune oppmodar framleis om at alle er varsame og fylgjer nasjonale retningsliner for smittevern.  

 

Status 29 oktober (kl 20.30)

Vik kommune har ikkje motteke melding om nye positive covid-19 testar i dag. Me har for tida 6 personar i isolasjon og 22 personar i karantene. 

Vik kommune er kjent med at mange arrangement i kommunen er avlyst som følgje av smittesituasjonen, og set pris på at så mange er med på å ta ansvar. Kyrkjekontoret i Vik informerer også om følgjande: 

«Alle helgemessene i sokna i Vik sundag 1.november er avlyst grunna den uavklara smittesituasjonen i kommunen.

Skulle de ynskje samtale med prest eller kontakt med kyrkja er sokneprest Karen Helene Bøhn Melhus tilgjengeleg på tlf. 46 88 99 80 eller e-post Karen.Helene.Bohn.Melhus@vik.kommune.no »

 

Status 28. oktober (kl. 20.30)

Vik kommune har i kveld fått melding om 2 nye positive covid-19 testar i kommunen. Det eine av dei nye tilfella er ein nærkontakt til ein av dei smitta ved Blix Hotell. Denne personen har vore i karantene sidan laurdag. Det andre smittetilhøvet ser førebels ikkje ut til å ha samanheng med smitteutbrotet på Blix Hotell. Begge desse to er no i isolasjon. Smittesporing er i gang, og nærkontaktar vil bli kontakta.

Smitesporinga dei siste dagane byrjar no å gi svar på korleis smitten rundt tilfella på Blix hotell har kome inn i kommunen. Det er overhengande sannsynleg at smitten er importert frå utlandet.

Tal kjende smittetilfelle i Vik kommune er per no 9.

 

Status 28. oktober (kl. 11.00)

Vik kommune har fått melding om 2 nye positive covid-19 testar så langt i dag. Den eine av desse er ein av nærkontaktane til ein av dei smitta ved Blix Hotell. Personen har vore i karantene sidan laurdag, og kommunen har avslutta smittesporinga. Den andre registrerte smitta er busett i Vik kommune, men arbeider utanfor landet. Denne personen har ikkje vore i Vik dagane før, eller etter utbrot av symptom. Personen er i isolasjon. Smittesporing pågår.

Offisielle statistikkar viser 3 nye smitta personar i går, tysdag. Den tredje registrerte gjeld oppdatering av statistikk vedrørande ei avslutta sak frå mars.

Oppdatering kan du finne her så snart ny informasjon føreligg.

 

Status 27. oktober (kl. 15.45)

Vik kommune har ikkje fått melding om fleire nye positive covid-19 testar så langt i dag. Svar på testar frå måndag er venta utover ettermiddagen/kvelden. Det same gjeld svaret på den siste testen frå søndag. I dag er det gjennomført 30 nye testar. Som følgje av smittesporing, har kommunen no 14 personar i karantene og 2 i isolasjon.

Vik kommune har valt å avlysa alle kommunale arrangement denne veka på grunn av den uavklarte smittesituasjonen. Kommunestyret som var planlagt torsdag 29. oktober, er førebels flytta til torsdag 5. november. Me oppmodar alle private, lag, organisasjonar og verksemder om å avlyse eller utsetje arrangement der større tal menneske vert samla.

Vik kommune følgjer situasjonen tett, og vil oppdatere denne artikkelen dagleg fram til situasjonen er avklart.

Til sist minner me særskilt om:

  • Hald minst ein meter avstand.
  • Hald deg heime om du er sjuk.
  • Ha god handhygiene!

 

Status 26. oktober 2020

I samband med smittesporing og testing gjennomført søndag, har kommunen i kveld fått melding om at ein til av dei tilsette ved Blix hotell har testa positivt for Covid-19. Den smitta har vore i karantene sidan laurdag, og går no i isolasjon. Smittesporing er starta. Kommunen har motteke svar på 17 av dei 18 testane som vart gjennomført i Vik søndag.

 

Status 25. oktober 2020

Beredskapsleiinga i Vik kommune har i dag hatt møte og ynskjer å oppdatere informasjonen vedkomande Covid-19 utbrot i kommunen. Det er framleis ein som vart registrert smitta 24.10. Den smitta arbeider på Blix hotell, og hadde siste arbeidsdagen der torsdag 22.10., og er no i isolasjon. Alle andre tilsette er i karantene. Desse har fått tilbod om testing i dag, og Vik kommune vil ha svara på prøvane i løpet av måndag 26.10. Totalt er 7 personar no karakterisert å vera nærkontaktar og dermed i karantene. Smitteoppsporingsgruppa har vore i arbeid frå det var kjent at det var ein ny smitta i kommunen. Arbeider er ikkje ferdig, og ein har difor ikkje enno full oversikt over situasjonen.
 
Det har vore 60 gjester på hotellet i den aktuelle perioden som ein kartlegg for (måndag ettermiddag til torsdag middag). Hotellet har ført liste over gjester og fylgt råd om smittevern. Smittevern legen har hatt kontakt med folkehelseinstituttet (FHI). Gjestene vert ikkje rekna som nærkontaktar. Difor er det heller ikkje karantenekrav for desse. Dei vert likevel kontakta av smitteoppsporingsteamet og får informasjon om å vera ekstra forsiktig, reagere raskt på eventuelle symptom på Covid-19, og dei vert tilbydd test.
 
Vik kommune har dei siste 14 dagane hatt to tilfelle med personar med Covid-19. I denne siste saka har me enno ikkje full oversikt. Me vurderer dagleg om det er naudsynt med innskjerpande tiltak. Inntil vidare vil me oppmoda alle om å vurdere planlagde arrangement der det skal samlast større tal menneske. Dette gjeld både kommunen, lag og organisasjonar og private sine arrangement. Me minner også om at reiser til og frå kommunen kan auke risiko for smitte inn i kommunen. Den enkelte av oss må gjere vurdering på kva som er naudsynt og forsvarleg.

Til sist minner me særskilt om:

  • Hald minst ein meter avstand.
  • Hald deg heime om du er sjuk.
  • Ha god handhygiene!

 

Status 24. oktober 2020

Ein ny person i Vik har testa positivt på Covid 19. Vik kommune har motteke melding om dette i kveld. Smitteoppsporing og kartlegging av nærkontakter har starta, men det er enno for tidleg å seie noko om omfanget. 

 

Status 20. oktober 2020

Ein person, busett i Vik kommune, vart registrert smitta av Covid 19 16. oktober etter reise i utlandet. Den smitta har vore i karantene etter at den kom til Vik. Vedkomande er no i isolasjon. Så langt er det to personar som er kartlagt å ha vore i nærkontakt. Personane er i karantene.

 

Status 16. oktober 2020

Ein person, busett i Vik kommune er smitta av Covid 19 denne veka etter reise i utland. Den smitta har vore i karantene etter at den kom til Vik. Vedkomande er no i isolasjon. Så langt er det berre ein person som er kartlagt å ha vore i nærkontakt. Personen er i karantene.

 

Status 7. oktober 2020

I Vik har me så langt vore heldig og har berre hatt eit tilfelle med smitte av person som er busett her. Næringsliv, offentleg tenesteyting og privatpersonar har retta seg etter sentrale og lokale retningsliner og me har spart liv og hindra nedstenging av samfunnet. Det er no viktig å halde fram med godt smitteforbyggande arbeid både i arbeidsliv, i skular og barnehagar og i helsesektoren. Helsedirektoratet peilar no særskilt på at private arrangement i mange høve er kjelde for store smitteutbrot.  Dette peikar på den enkelte av oss sitt ansvar for å sikre at smittevern reglar vert etterlevd. Vik kommune vil oppmode alle innbyggarar om å vera merksam og nøye vurdere dei samkomer me lagar til eller deltek i, kan ein overhalde ein – meters regelen? Likeeins å  forsøke å unngå reiser til område med stort smittetrykk. Det er ingen grunn til å slappe av, men halde fram med gode rutinar heime og ute!

Vik kommune minner om :

  • Vask hender
  • Hald avstand, minst ein meter
  • Ver heime om du er sjuk

 

Status 26. september 2020

Vik kommune har 26. september motteke melding om éin smitta person folkeregistrert i Vik. Personen bur og arbeider i ein anna kommune, og har ikkje vore i Vik i perioden. Smittesporing vert utført av kommunen der vedkommande bur. Vedkommande er no i isolasjon.

Ordføraren oppmodar laurdag 12.9.20 alle som bur i Vik kommune om å unngå unødvendige reiser til Bergen:

Med bakgrunn i auka smittepress, som Bergen no opplever, oppmodar eg alle som bur i Vik kommune om å unngå unødvendige reiser dei neste 14 dagane til Bergen eller andre områder med høgt smittepress. 

Samstundes oppmodar eg òg reisande frå Bergen, eller andre kommunar med høgt smittepress - at de tek smittevern på alvor og er forsiktige når de kjem til Vik kommune. 

Vik kommune ber alle studentar som kjem frå Bergen, og har delteke på arrangement der smittevernreglane ikkje har vore følgde, om å gå i sjølvpålagd karantene i 10 dagar i tråd med Bergen kommune sin oppmoding.

Hald dykk oppdatert på situasjonen på folkehelseinstituttet sine nettsider og elles minner eg alle om å ha gode vanar som førebyggjer smitte:

  • Nok avstand 
  • Unngå å handhelse 
  • Ha god handhygiene 
  • Bli heime om du er sjuk

Smittevernlegen i kommunen, Helge Bjordal, sa dette om korona-situasjonen i august -20:

I Vik har det vore eitt tilfelle med Covid 19 for om lag 4 månader sidan. I Norge er det for tida relativt lite smitte, men det er ein aukande trend. Noko av dette skuldast auke i utanlandsreiser, men det er og ein del som har vorte smitta i Norge. Det er difor grunn til å vere uroa.

Det har vore fleire utbrot grunna at ein ikkje har overhalde tilrådingane for smittevern. Det er difor viktig at ein framleis tek dei generelle tilrådingane frå folkehelseinstituttet (FHI) på alvor:
 

  • Hald avstand.
  • Syt for god handhygiene.
  • Ver heime viss du har symptom på luftvegsinfeksjon.

 
Desse generelle tilrådingane har vist seg å gi god effekt når dei vert haldne, og dei bør gjelde på offentlege stadar, på butikkar, på badestranda, på jobb og elles der det må vere aktuelt.

Nå er testkapasiteten god, og dei som mistenkjer at dei kan ha Covid19 infeksjon kan nå be om å verte testa. Ta i tilfelle kontakt med legekontoret.

 

Rettleiarar, vedtak og oppmodingar

Attende til innhald, klikk her.

 

Smittestatus i Vik kommune

Tal stadfesta smitta av Covid- 19 i Vik kommune: 14

Vik kommune følgjer dei retningslinjer som til ei kvar tid er satt av FHI (folkehelseinstituttet) når det gjeld testing for mistanke om smitte og dei som er påvist sjuke. Likeeins følgjer me opp dei som vert omfatta av karantene og isolasjon. 

Attende til innhald, klikk her.
        

Lenker:

Attende til innhald, klikk her.

 

Telefonnummer

  • Vik legekontor: 57 69 87 00
  • Legevakt: 116 117
  • Informasjonstelefon til Folkehelseinstituttet: 815 55 015

Attende til innhald, klikk her.
 

 

Tips ein ven  Skriv ut