Korona status: Sist oppdatert 8.4.20

kv

Korona status: Sist oppdatert 8.4.20

Skip to information in English; click here.

Informasjonen i den artikkelen vil bli oppdatert dagleg.

Innhald

 

Pålegg, vedtak og oppmodingar

Ny informasjon 8.4.2020:

 

Ny informasjon 31.3.2020:

 

Ny informasjon 25.3.2020:

 

Ny informasjon 22.3.2020:

  • Pressemelding: Lokale karantenevedtak i tidlegare Sogn og Fjordane vert oppheva søndag 22. mars. Les heile pressemeldinga her. Alle vert framleis oppmoda til å reise minst mogeleg og ta omsyn til kvarandre med å halde avstand, og ha stort fokus på handhygiene. Alle som har symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime for å ikkje smitte andre. 

 

Ny informasjon 16.3.2020:

Følgjande nye tiltak gjeld frå 15.3.2020 og alle tidlegare tiltak gjeld framleis:

  • Vik Bygde og Sjukeheim, omsorgsbustadene og Bringebærhagen er stengt for besøkjande. Berre i særskilte høve kan pårørande besøkja sine. Ta kontakt med den enkelte avdeling for å avklare besøk. 
  • Fysioterapitenesta er stengt for ordinær drift. Tenesta vil ta kontakt med enkelt  pasientar for avklaringar.
  • Leik er viktig for barn og ungdom si utvikling og velvære, men når skulen er stengt over lengre tid for å hindre smittespreiing, skal ikkje barn og ungdom samlast i større grupper. 
  • Legekontoret legg om drifta pga Covid-19 smittesituasjonen. Alle rutinekontroller vert avlyst fram til og med 20.04.20 (kan bli forlenga). Kontoret vil kun ta imot pasienter med  problemstillinger som ikkje kan vente. Alle pasienter skal ringe legekontoret/legevakten før dei kjem. Ingen skal møte direkte på kontoret utan avtale.

    Legekontoret har eigen inngang og kontor for pasientar med luftvegssymptom.

     

Følgjande tiltak gjeld frå 12.3.2020:

  • På denne lenka kan du lese innhaldet i Helsedirektoratet sitt vedtak.
  • Alle skular og barnehagar held stengt frå og med torsdag 12. mars 2020 kl 18.00. Det vil bli lagt til rette for elektronisk undervisning heime. 
  • Kommunehuset og NAV-kontoret er stengt for publikum frå og med fredag 13. mars.
  • Vik kommune oppmodar alle til å halde seg mest mogeleg heime.
  • Vik kommune oppmodar alle til å ikkje delta i private arrangement.
  • Vik kommune oppmodar alle til å ikkje reise unødvendig, også innanlands.
  • Alle arrangement i regi av Vik kommune vert avlyst.
  • Helsepersonell som arbeider med pasientar, har forbud mot å reise utanlands.
  • Andre tilsette blir oppmoda om å ikkje reise til utlandet i eigen ferie. Andre tilsette står fritt til kvar dei vil reise på ferie, men arbeidsgivar frarår utanlandsreiser for å avgrense smitte. Dei som likevel veljer å reise på ferie til utlandet, må rekne med karantene for eiga rekning når dei kjem heim.
  • Alle møte som kommunen kan arrangere som videomøte eller telefonmøte, vert arrangert på denne måten.
  • Vik kommune vil praktisere auka bruk av heimekontor etter avtale med kvar enkelt.
  • Ingen tilsette skal reise på kurs eller seminar.
  • Alle som blir sett i karantene må respektere vedtaket. Ved eventuell usikkerheit rundt vedtaket, må den det gjeld ta kontakt med legen sin.

Attende til innhald, klikk her.

 

Smittestatus i Vik kommune

Tal stadfesta smitta av Covid- 19 i Vik kommune: 1
Av desse friskmeldt: 1

Vik kommune følgjer dei retningslinjer som til ei kvar tid er satt av FHI (folkehelseinstituttet) når det gjeld testing for mistanke om smitte og dei som er påvist sjuke. Likeeins følgjer me opp dei som vert omfatta av karantene og isolasjon. 

Attende til innhald, klikk her.
        

Lenker:

Attende til innhald, klikk her.

 

Telefonnummer

  • Vik legekontor: 57 69 87 00
  • Legevakt: 116 117
  • Informasjonstelefon til Folkehelseinstituttet: 815 55 015

Attende til innhald, klikk her.

 

Information in English

Important information regarding Corona-virus (Covid 19)


The Norwegian health authorities have implemented strict bans on travel to and inside the country. From Thursday 12 March until Thursday 26 March 2020, the following rules apply:

  • Everyone who comes to Norway from outside the Nordic countries should be quarantined, regardless of whether they have symptoms or not. Retroactive from 27 February.
  • Domestic transport is to continue as normal as possible for the moment.
  • Everyone is strongly encouraged to avoid leisure travel.
  • Avoid travel that is not strictly necessary (both domestic and abroad), and avoid public transport if you can.
  • Avoid other places where you can easily get close to others.
  • Avoid close contact with others.
  • For updated information and travel advice, see The Norwegian Institute of Public Health

Due to the coronavirus situation hotels, attractions, ski resorts, and venues are now closed, and most activities and events are cancelled. Please check the relevant home pages for more information.
 
If you have questions about the coronavirus (COVID-19) while travelling in Norway, please call the national information telephone at (+47) 815 55 015.
 
If you are experiencing symptoms like fever, sore throat, chest pain and breathing difficulties, please stay in your hotel room and contact guest service by telephone or call the 24-hour Norwegian medical service at 116 117 for guidance and assistance.
 
You can also find more information on these pages:

 

Tips ein ven  Skriv ut