Nyhende

Kommunestyrevalet og fylkestingvalet 2015 - manntal
Publisert: 7. 07. 2015
av Geir Svendsen
Manntalet for Vik kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i tida frå og med 14. juli og fram til valdagen 14. september 2015.
Manntalet vert lagt ut på følgjande stadar:
- Tenestetorget i kommunehuset
- Fjorden Nærbutikk
- Nærbutikken Vangsnes
- Feiosbui
- Coop Fresvik
Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg og skal grunngjevast.
Adressa til valstyret er: Valstyret i Vik, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Valstyret i Vik
Marta Finden Halset
Leiar