Årets Vikje

Kommunestyret med tradisjonell juleavslutning og utdeling av "Årets Vikje"

Også i år arrangerte kommunestyret tradisjonell avslutning med middag og inviterte gjester. Nytt av året var utdeling av den kommunale prisen "Årets vikje", og prisen gjekk til Geir Christian Simlenes Otterskred.

IMG_3296
25 års teneste
30aarjubileum
30 års teneste
Vik kommunestyret
Vik kommunestyre

Tilsette i Vik kommune vart heidra for 25- og 30 års teneste , og prisen "Årets Vikje" vart for første gang delt ut av ordførar Roy Egil Stadheim. Me vil gratulera prisvinnar Geir Christian Simlenes Otterskred med prisen. I grunngjevinga for pristildelinga heiter det:

Årets Vikje 2020

Prisen for årets vikje 2020 går til Geir Christian Simlenes Otterskred.

Geir Christian får prisen for sin iver og stå på vilje for å skapa arbeidsplassar og optimisme i Arnafjorden, noko som gir store ringverknadar til heile Vik kommune.

Geir Christian har bygd opp sitt eige firma innan reiseliv, Arnafjord Hytter, til å bli den bedrifta som kan ta i mot flest feriegjester der han kan tilby 69 senger fordelte på 9 feriehus og hytter. Her kjem gjester frå heile verda for å få ro, rekreasjon og store naturopplevingar. I tillegg til dette driv han slektsgarden vidare, no med om lag 120 vinterfora sauer. Den som ikkje har eigen ver, får låna Geir Christian sin.

I tillegg til dette går engasjementet hans vidare. I mange år har han hatt sitt arbeide på setjefiskanlegget  på Tenne, tidlegare JoTo, no ein del av Braanåskonsernet Firda Seafood. Her er han den som verkeleg har stått i front for å få utvikla dette anlegget, der dei det siste året har invistert i meir enn 40 millionar kroner. Ei invistering som sikrar både drifta og utvidar arbeidstokken. Søknad om vidare utvikling er sendt, og kjenner me Geir Christian rett så vert dette også sikkert realisert. Det er slike som Geir Christian som med vilje, pågangsmot og gjennomføringskraft me treng for å få utvikling også på bygdene i landet vårt.

Dugnadsånda til prisvinnaren må også nevnast. Vaktmeistar for Ungdomshuset, primus motor for den årlege smalahovefesten på Nese, skyssa folk med båt att og fram når fjordavegen er stengd slik at ein kan nå flyet til syden, ein konfirmasjon eller ei gravferd. Han er ein som seier ja i staden for nei.

Geir Christian er ein viktig person for heile lokalsamfunnet i Arnafjorden, og for heile Vik kommune. Han har vist at med hardt arbeid og stå på vilje så kan ein få ting til å skje.
Det er ei stor gleda å utnemna Geir Christian til Årets Vikje for 2020.

 

Desse tilsette vart heidra for 25 års teneste for kommunen:

  • Astrid Bolstad Røyrvik
  • Marta Barbara Liljedahl
  • Gjertrud Samland

 

Desse tilsette vart heidra for 30 års teneste for kommunen:

  • Aud Helga Bell Hove
  • Anne Gro Refsdal
  • Gerd Johanne Heimdal
  • Jorunn Nese
  • Aud Oline Sumstad (ikkje til stades)
  • Lisbet Frøysland Grande (ikkje til stades)


 

Tips ein ven  Skriv ut