Nyhende

Kommunereforma – opningstider og røystelokale måndag 23. mai
Kommunestyret i Vik vedtok 10.3.16 folkerøysting for å høyra innbyggjarane si meining i spørsmålet om kommunesamanslåing. Datoen for folkerøystinga er sett til 23. mai 2016.
Røysterett
Kommunestyret har vedteke at også 16- og 17-åringar skal ha røysterett ved folkerøystinga. Dette betyr at alle som er født i år 2000 eller tidlegare, og som er manntalsført i kommunen, har røysterett.
Manntal
Manntalet for Vik kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i tida frå og med 8. april og fram ti og medl valdagen 23. mai 2016. Manntalet vert lagt ut på tenestetorget i kommunehuset.
Namnet ditt må stå i manntalet dersom du skal kunna røysta ved folkerøystinga 23.5.2016. Kommunestyret har vedteke at alle som er født i år 2000 eller tidlegare skal ha røysterett ved folkerøystinga. Alle personar med røysterett er automatisk innført i manntalet. Manntalet er laga på bakgrunn av dei opplysningane som var i folkeregisteret 1.3.2016.
Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klaga til valstyret. Klaga skal vera skriftleg og skal grunngjevast.
Adressa til valstyret er:
Valstyret i Vik
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Røystealternativ
Du har tre alternativ å velja mellom. Kvart alternativ har eigen røystesetel, og du vel setelen for det alternativet du vil røysta på. Dei 3 alternativa er.
- Ja. Vik kommune slår seg saman med kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal
- Ja. Vik kommune slår seg saman med kommunane Aurland og Voss
- Nei Vik kommune slår seg ikkje saman med ein eller fleire kommunar
Røystelokale og opningstider på valdagen, måndag 23. mai 2016
Røystinga på valdagen vil føregå i alle 5 kretsane i kommunen. Opningstidene er:
Røystelokale | Opningstid |
---|---|
Fresvik ungdomshus | KL 13:00-19:00 |
Feios skule | KL 13:00-19:00 |
Vangsnes skule | KL 13:00-19:00 |
Kommunehuset i Vik | KL 09:00-20:00 |
Valsvik skule | KL 13:00-19:00 |
Hugs å ta med legitimasjon!
Meir informasjon
Du kan lesa meir informasjon om kommunereforma på samlesida vår her.