Vik

Kommunalt næringsfond (Covid-19) - forlenga søknadsfrist til 19.10.20

Fristen for å søkja støtte er forlenga til 19. oktober 2020.

Vik kommune har fått 828.000,- kr i ekstra midlar til støtte til næringslivet i samband med koronasituasjonen. Vik formannskap vedtok 20.8.20 retningsliner for bruk av midlane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost på kap. 553, post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 75,3 mill. kroner til kommunar i Vestland fylke som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet. Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 mill. kroner, og Hovudutval for næring vedtok i sak 46/2020 den 16.07.20 fordeling av midlane. Vik kommune er tildelt kr 828.261,-.

Formannskapet i Vik kommune gjorde 20.8.2020 slikt vedtak:

Formannskapet godkjenner «Retningslinjer for kommunalt næringsfond 2020 i Vik kommune» slik dei ligg føre.

Midlane skal lysast ut med ein gang med søknadsfrist slik at midlane kan tildelast i oktober 2020. Midlane skal fordelast etter fylgjande nøkkel:

  • 60% til verksemder heimehøyrande i Vik innan dei næringane som er prioriterte i retningslinjene.
  • 20% til prosjekt med regionalt nedslagsfelt og med prosjekteigarar frå minst to kommunar.
  • 20% til mobilisering til utviklingstiltak og fellesprosjekt (kurs, opplæring, tilrettelegging, forstudie osb.)

Formannskapet tildeler tilskota samla etter framlegg frå rådmannen.


Samrøystes.

Målsetjing med fondet (frå vedtekne retningslinjer):

Fondet skal bidra til å dempe effektane av koronakrisa i næringslivet, og stimulere til sysselsetjingsvekst i samsvar med gjeldande strategisk næringsplan:

  • Prosjekt med stor sysselsettingseffekt skal prioriterast. I tillegg er det eit overordna mål å bidra til meir regionalt samarbeid i næringslivet og næringsutviklingsarbeidet.
  • Prosjekt som er knytt til prioriterte områder i strategisk næringsplan vert prioriterte. Næringsnettverket i Sogn skal brukast til å sikre god samordning av regionale prosjekt.
  • Prosjekt knytt til reiseliv skal koordinerast med Visit Sognefjord. Eventuelle prosjekt med Visit Sognefjord som søkjar skal koordinerast gjennom næringsnettverket.
  • Prosjekt med fleire enn ein søkjar og prosjekt som har potensiale for å løyse ut fleire eksterne midlar vert prioriterte.

 

Søknad

Søknadar må sendast via regionalforvaltning.no, sjå brukarmanual for hjelp til å koma i gong. Søknadsfristen er 30.9.20.

 

Lenker

Tips ein ven  Skriv ut