Tomter Tenål regplan

Kommunale tomter på Tenål er klare for sal

Vik kommune er klare til å selje 15 nye einebustadtomter på Tenål. No er både rassikring i Badnadalen og ny infrastruktur på plass.

I kommunestyret 14.09.2017, sak 051/17, vart det vedteke at salspris for kvar bustadtomt på Tenål blir sett til kr 700.000,-.

Prisen skal indeksregulerast kvart år med verknad frå 01.01. Tomtekjøparar under 35 år får ein ungdomsrabatt på kr 100.000. Prisen inkluderer tomt med vass-leidning, kloakkleidning, straum, trekkjerøyr for fiber og veg fram til tomtegrensa. Dokumentavgift (2,5% av kjøpesum), oppmålingsgebyr, tinglysingsgebyr samt tilkopling til vatn og kloakk kjem i tillegg til tomteprisen.

Vilkår:

Betaling av kjøpesummen skal skje ved tildeling av skøyte.

Det vert stilt krav om byggjestart seinast eitt år etter tildeling av skøyte.

Link til planarkivet
Plankart m.m
Reguleringsføresegner

Dersom du er interessert i tomt kan du ta kontakt med Espen Skjerven Holen e-post: espen.skjerven.holen@vik.kommune.no eller Turid Kristine Brekke
e-post: turid.kristine.brekke@vik.kommune.no

Tomter Tenål regplan
Kart over området



 

 

Tenåltomter i 3D 1
Tenåltomter i 3D 1
Tenåltomter i 3D2
Tenåltomter i 3D2
Tenåltomter i 3D 3
Tenåltomter i 3D 3
Tips ein ven  Skriv ut