Nyhende

Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde
Publisert: 24. 03. 2020
av Åse Berit Balvoll
Tildeling av OBB-midlar til tiltak i beiteområder vart overført til kommunane frå 2020. Vik kommune fekk tildelt kr 100.000,- i år.
Kommunen har ansvar for å kunngjere tilskotsordninga, fastsetje søknadsfrist, handsame søknader og betale ut tilskot gjennom fagsystemet Agros. Det er i hovudsak berre dei tre beitelaga som kan søkja på tilskot frå denne potten.
Formålet med ordninga er å legget til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, reduserer tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda. Ordninga skal bidra til god beitebruk gjennom infrastrukturtiltak i utmark.
Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære.
Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære.
Døme på aktuelle tiltak (lista er ikkje uttømmande):
• Sanke- og skiljeanlegg
• Bruer dimensjonert for dyr og folk
• Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
• Gjetarhytter/sankehytter (maks 20 kvm, enkel standard)
• Elektronisk overvakingsutstyr (radiobjøller, lammenoder, merkesavlesarar)

Kommunen har fått for knapp tid til å lage tiltaksstrategi før komande beitesesong. Dersom det vert stor søknadspågang vil kommunen nytte prioritering som Fylkesmannen hadde i 2019 slik:
1. Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
2. Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar
1. Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
2. Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar
Manuelt utført eige arbeid (inkl.motorsak o.l.) | Kr 350,- pr time |
Bruk av traktor | Kr 600,- pr time |
Gravemaskin | Kr 800,- pr time (etter rekning) |
Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04206) - lenkje.
Meir informasjon på landbruksdirektoratet sine sider her
Søknadskjema elektronisk (lenkje)
NB! Hugs vedlegg som kart, kostnadsoverslag ev. byggjeløyve ol.
Vik kommune set årets søknadsfrist til 1. april.
Ta kontakt med oss om de har spørsmål.
Landbrukskontoret