Nyhende
Innkomne bidrag til fotokonkurransen "Mitt kulturminne"
Fristen for å levera bidrag til Vik kommune sin fotokonkurranse, "Mitt kulturminne", er no ute. Fotokonkurransen er ein del av arbeidet med kulturminneplan for Vik. Kulturminne er spor og minne etter menneske før oss, frå steinalder og fram til vår eiga levetid: Gravhaugar og bygningar, vegar og stiar, bru og kai, steingardar og styvingstre, minnesmerke, reiskapar og andre gjenstandar. Her presenterar me innkomne bidrag til konkurransen.
![]() |
Slipestein Grønsberg |
Bjørg Grønningen: Slipestein og fjosvegg på Grønsberg
Ein velbrukt gammal slipestein, ein gammal fjosvegg med vakker patina, ein nøysomt mura steinmur. Det er fine kulturminner for meg. Dei gjev meg og gode minner frå barndommen. Det er slik ein fin ro og harmoni over dei fire tinga, i saman, som på bilete, eller kvar for seg. Bilete er teke på høgdegarden Grønsberg.
![]() |
Gamle gruva |
Eirin Nesse Balevik: Gamle gruva på Lee
Det som er att av den gamle gruva på Lee i Framfjorden! Ein gong var dette arbeidsplass for omlag 100 mann! Dette var eit talkeventyr som starta i 1907 og varte heilt fram til nyare tid. No er det ikkje mykje att som tyder på at Framfjorden i si tid var ein industristad av dimensjonar, difor er dette eit viktig kulturminne!
Eg valde dette som mitt kulturminne fordi tippoldebesten min, Markus, kom til Framfjorden for å jobba som smed på Mølla. Utan talkum og mølle hadde han sannsynlegvis ikkje truffe tippoldebesta mi, og resten seier seg vel sjølv!
![]() |
Notanaustet |
Therese Bøthun, Fresvik skule: Notanaustet
Eg har valt notanaustet i Fresvik som mitt kulturminne. Det vart bygd i 1910 og det er det siste notanaustet i Sogn. Naustet vart brukt som fellesnaust for notelaga. 7-8 menn var i lag om fiske etter brisling, bladsild og mussa.
Eg har valt notanaustet som kulturminne fordi eg tykkjer det er eit veldig interessant bygg og det er svært fint. Det hadde vore merkeleg i Fresvik viss ikkje notanaustet hadde stått nede på stranda.
![]() |
Hestesal Fresvik |
Alexandra Bøthun Hauglum, Fresvik skule: Hestesal
Eg har valt ein gammal kløvsal som kulturminne fordi eg synst at det er kult å sjå korleis hesteutstyret såg ut før i forhold til korleis det ser ut no. Eg synst det er kjekt å tenke på at besteforeldra og oldeforeldra min har brukt den.
Kløvsalen høyrer til på garden Bøthun på Holmen og vart nytta på 1900-talet. Salen vart brukt til å feste ostekassar og ved på slik at dei kunne frakta det til og frå stølane Jordalen eller Engi. Det var besteforeldra og oldeforeldra mine som brukte salen.
![]() |
Kopp frå oldemor |
Stine Otterhjell Høyum, Fresvik skule: Kopp frå oldemor
Eg har vald ein kopp som mitt kulturminne, fordi den er frå oldemor mi. Den kjem frå Otterhjell der ho budde. Den er svært gammal. Koppen er veldig spesiell for meg, fordi den er brukt av oldeforeldra mine. Mamma har arva den etter oldemor så me har den ståande til pynt. Den er altfor fin til att me vil bruke han.
![]() |
Løypestreng skausvollen |
Amund Hauglum, Fresvik skule: Løypestrengen på Skausvollen
I Fresvik i Vik kommune er det ein løypestreng som har vore brukt like fram til no. Sigrun Kvammen Pedersen eig strengen. Løypestrengen ligg tett ved eit nytt uthus på Skausvollen ved Øvstevegen. Tidlegare blei han brukt til både høy og lauvkjervar.
Eg har valt å ha denne løypestrengen som kulturminnet mitt fordi han har blitt brukt masse i gamle dagar og ser like fin ut no. Eg syns det er kjekt å sjå denne løypestrengen når eg går forbi for me får på ein måte oppleva gamle dagar.
![]() |
Gamlastova Mikjellgarden |
Maren Bøthun, Fresvik skule: Gamlastova på Mikjellgarden
Eg har valt eit gamalt hus som høyrer til Mikjellgarden i Fresvik som mitt kulturminne. Eg valde dette huset fordi eg tykkjer at det er eit veldig fint hus og det høyrer til slekta mi.
Det var besteforeldra til besten som eigde ho, men besten var ofte der på besøk og overnatta. Gamlastova var eit vanleg bustadhus.
No vert ho brukt til feriehus og loftet vert brukt til lager og soverom.
![]() |
Koparkjelen på Holmen |
Tiril Bøthun, Fresvik skule: Koparkjelen på Holmen
Denne koparkjelen har eg valt som kulturminne fordi han sto i eit eldhus på Holmen der me no har bygd hus. Det var mange ting i eldhuset men denne koparkjelen var spesiell tykte eg. Det er ikkje lett å bere han fordi han er tung. Koparkjelar vart nytta til mykje. I denne kjelen har det sikkert både vore bryggja øl og vaska kle. No er eldhuset rive men me har teke vare på koparkjelen.
![]() |
Rindesfjøra |
Jan Magne Rinde: Rindesfjøra
Rindefjøra har hatt ein sentral plass I kyrkjehistoria I Feios. I tidlegare tider kom presteskyssen frå Leikanger til Feios kyrkje via Rindesfjøra. Det var her kyrkjebåten frå Borlaug la til når folket derfra skulle til kyrkje.
Rindefjøra stod sentralt i sjøfisket i Sognefjorden for folket I grenda, og for frakting av høy og ved frå Straumsnes eller Strondi.
![]() |
Rindesbekken |
Jan Magne Rinde: Rindesbekken
Når det var turkesomrar var Rindesbekken den einaste sikre vasskjelda for folket i grenda. Alle kunne bera vatn frå Rindesbekken. Til det brukte dei vassel eller vass-åk.
![]() |
Mytingen Hovland |
Knut Hovland: Mytingen
Mytingen, fjellstølen til Hovland. Ligg på ca. 610 meter vest for Kongshaug. Stølen har 2 sel, eit for kvar av dei 2 bruka på Hovlans og ein fjøs. Byggeår for bygningane er ukjent.
![]() |
Gamlestova Hovland |
Knut Hovland: Gamlestova Hovland
Opphaveleg var dette ei røykstove med jordgolv, grue midt på golvet og ljore i taket for å sleppa ut røyken. Far min, Tor Hovland f. 1895 kunne hugsa ljoren med snorarrangement som hang ned for å opna og lukka den. Stova har halvlem. Utover stoverommet er det kammers og eit inngangsparti. I nordre enden er det eldhus med stor grue av naturstein. Bygningen er endra oppover års. På ukjent tidspunkt er det lagt inn tregolv i stova, grua er fjerna og det er murt pipe og sett inn omnar. Då eg overtok Hovland i 1974 var den nokså forfallen. Den fekk då nytt torvtak, nye vindaugo, utvendig kledning og ein del vøling innvendig, men alt av same type som tidlegare. Ytterlegare restaurering vil koma etter kvart.
![]() |
Epletre Hovland |
Knut Hovland: Epletre på Hovland
Det eldste epletreet i Sogn?
Det sa i allefall bestefaren min ein gong i 50 åra. Treet står ved sida av grunnmurrestar etter det som truleg var bustadhus før gamlestova vart teken i bruk rundt 1735, så det er ikkje umogeleg at treet er enno eldre. Det hadde innpoda 5 forskjellige eplesortar i si tid. Nokre store greiner har falla av i ymse stormar, så nå er talet på sortar redusert, men det blir framleis eple på den kvart år.
![]() |
Gamle kraftstasjon Refsdal |
Knut Hovland: Gamle kraftstasjon Refsdal (1913)
Den gamle kraftstasjonen i Refsdal frå 1913. Stasjonen var i bruk til 1957 då den vart avløyst av Sognekraft sin nye stasjon lenger oppe i dalen. Restaurert som kulturminne 2010 til 2013. Komplett produksjonsutsyr frå 1913 med nokre utskiftingar inne i bygningen. Open for publikum på annonserte tidspunkt eller på førespurnad.
![]() |
Kornturke Hovland |
Knut Hovland: Kornturke på Hovland
Kornturke på Hovland. Ukjent byggeår, men restaurert i 90 åra. Står ved elvekanten. I elva sto tidlegare eit kvernhus som nå er borte. Turka og kverna utgjorde ei eining. Turka er innvendig utstyrt med mura omn av naturstein og med stor skiferhelle til å leggja kornet på.
![]() |
Storehaugen |
Ottar Wiik: Storehaugen
Storehaugen er den største av Moahaugane, ei gravsamling knytt til den gamle hovdinggarden på Hove. Haugane var i bruk som gravplass i tidsrommet 300 - ca 900 e.Kr. Gravfunn viser at Storehaugen var bygd over ei framståande kvinne. Storehaugen ligg attmed turvegen «Sylvringen» og er del av eit offentleg friområde. Haugen er eit godt utsiktspunkt over Vik.
![]() |
Lensmannsgarden |
Ottar Wiik: Lensmannsgarden i Bø
Hovudbygningen er oppført på 1840-talet og er lite endra. Stilen er «seinempire». Huset er i privat eige. Byggmeister var Jan Ludolf Lund, kjend snikkarmeister frå Bergen. Han utforma og bygde mange vakre bygningar i Sogn , m.a. i Lærdal, Sogndal og Vik. I Vik er det berre Lensmannsgarden og «Larsenhuset» på Vikøyri som står att av hans arbeid. Tunet er vist som verneverdig i ny kommuneplan.
![]() |
Karen gruva Lee |
Karen Weichert: Gamlegruva på Lee
Mitt kulturminne 2015 er Gamlegruva på Lee som var i drift 1908 til 1956. Etter Talkmølla i Framfjorden blei riven i 2014, er gruva eit av dei få spor som er att etter talkumindustrien i Arnafjord, som sysselsette opp til 100 personar og representerte i si tid ei av dei største talkumgruvene i Europa.
I dag er det ein skilta tursti til Lee og gruvene. Ved Gamlegruva står alt om lag det var: gruveopninga, taubanehuset, transformatoren, smia og brakka.
Eg tykkjer det hadde vore flott om ein hadde rydda området og restaurert bygningane til bruk som «utemuseum» og undervisingsarena.
![]() |
Grindabygg-løa |
Thore Hopperstad: Grindabygg-løa
Bildet er av "Grindabygg-løa" på Sanden på Vangsnes. Grindabygg er truleg den eldste bevarte byggemetoden i landet, ein tradisjon som kan vere meir enn 3500 år gamal. På nettet finn ein denne skildringa: "Ei grind definerast på vestlandet som ein bukk eller eit stavpar bunde saman øvst med ein dragar, som på dialekt kallast bete eller slindre. Grindane stillast opp etter kvarandre i lengderetninga på bygget i ein relativt grov takt, gjerne 4-5 meter. Dei bindast deretter saman øvst i lengderetninga på bygget med ein dragar (stavlegje, rafthald eller sperremor), som sperrene i takkonstruksjonen førast ned på. Sperrepara ligg med ei tettare takt, ca 80 cm, som går uavhengig av hovudtakten i grindverket. I grindkonstruksjonane settast stavane i all hovudsak rett på bakken, på flate steinar eller på grunnmur, utan bruk av bunnsvill.
![]() |
Engi i Fresvik |
Kjell Vikestad: Engi i Fresvik
Den voldsomme kontrasten mellom menneskebygde små trebygninger opp mot den voldsomme og flotte naturen er karakteristisk for denne plassen der to dalsøkk møtes og blir til et mellom bratte og ville fjell.
![]() |
Mikjellgarden |
Gøran Bøthun, Feios skule: Gamlastova på Mikjellgarden i Fresvik
Her er mitt bidrag til Mitt kulturminne. Gamlastova står på Mikjellgarden i Fresvik. Huset vart bygd for over hundre år sidan og var hovudhuset på garden. Eg har valgt dette kulturminnet fordi det betyr mykje for meg. Far min eig no garden og huset blir endå brukt som feriehus og lagringsplass.
![]() |
Osen bru i Feios |
Simon Vaartjes, Feios skule: Osen bru i Feios
Dersom du køyrer til Feios og køyrer forbi Feios butikken kjem du til Osen Bru. Den blei bygd i 1927 og går i ein skarp sving. Ved sida av brua står ein bautastein med inskripsjonen Osen Bru 1927.
Brua er vorten endra etter at den fyrst vart bygd. Då var svingen endå skarpere enn den er i dag. Eg valgte å lage bilde av dette kulturminnet fordi den er ein viktig del av Feios. Denne steinen representerer at det blei veg forbindelse i Feios.
![]() |
Grunnmur på Feidjane |
Håvard Feidje, Feios skule: Grunnmur på Feidjane
Grunnmuren er etter eit gammalt hus. Sjølve huset vart flytta opp i bakkane og står enno. Mannen som budde i dette huset, heitte Rasmus. Den dag i dag kallar me dette for Rasmustufti. Tufti var ein tidlegare husmannsplass på ein gard på Feidjane i Feios. Ligg ca 500 meter i luftlinje over Feios skule.
Eg valde dette kulturminnet fordi eg går ofte forbi denne tufti og var her oppe mykje når eg var mindre.
![]() |
Hestesal for kvinner |
Olav Bøthun, Feios skule: Hestesal for kvinner
Dette er ein gamal hestesal for kvinner. Denne er rundt 120 år gammal og ligg på garden Smidjane i Feios. Her sat kvinna med begge beina på høgre side av hesten, for det var skikk på den tida. Eg valde dette kulturminnet fordi eg likte dei flotte utskjæringane og den gamle stilen den har.
![]() |
Gamal løe i Grindedal |
Solveig Grindedal, Feios skule: Gamal løe i Grindedal
Dette er ei gammal løe som er over huset mitt. Det blei brukt på garden Dale før i tiden. Me reknar med at den er 100-200 år gammal. Den blei brukt som lagring av høy. Løa ligg i Feios i dalen Grindedal.
Eg valgte denne løa fordi eg er forbindelse med folka som bur på Dale. Ein grunn er også at den ligg so nærme huset mitt.
![]() |
Stabbur på Feidjane |
Amund Hauglum, Feios skule: Stabbur på Feidjane
Dette er eit stabbur på Fedjane i Feios. Stabburet er gamalt og har tre rom og eit loft dei brukte som soverom. Det vart brukt til å oppbevare mat og til å sove i. Eg valde dette stabburet fordi det er eit fint bygg, og fordi det er gamalt.
![]() |
Grabben i Feios |
Britt Marit Sætre, Feios skule: Grabben i Feios
Dette er eit bilete av ein grabb i Feios. Den står ved bui i Osen. Den var brukt på 1960-70 talet. Den var ombord i ein kutter (type motor-laste båt), som fraktet varer mellom Sogn og Bergen.
Eg valgte denne grabben fordi den heilt sidan eg var liten har stått ved bui, og eg har lurt på kva dette var for noko og kva den vart brukt til.
![]() |
Arden på Tistel |
Eirik Tistel: Arden på Tistel
Arden var i eldre tid brukt til pløying av grasmark, vart etterkvart avløyst av åkerplog frå ca 1850. Arden har sidan potetdyrkingi kom i gang vore eit viktig reiskap ved setjing og påbrøyting (hypping). Her på Tistel var arden i bruk til 1964 då traktoren overtok.
Arden er "Mitt kulturminne 2015" fordi den er med og viser utviklingi i jordbruket fram til vår tid.
![]() |
Gamletunet på Tistel |
Per Langeland Tistel: Gamletunet på Tistel
Mitt kulturminne er gamletunet på Tistel. Eldhuset, stova, bui og stabburet er husa som står i dag. Etter at eg flytta til Tistel har desse husa vorte ein viktig del av livet på garden for meg. Mykje av tida står husa berre til pynt, til glede for oss sjølve og andre, men vi har og praktisk nytte av tunet. Det er krevjande å vedlikehalde desse husa, men vi tykkjer at det er eit kulturminne som må takast vare på.
![]() |
Grabben i Feios |
Randi Feidje Hjortland, Feios skule: Grabben i Feios
Grabben var på ein motorbåt som heiter Helgafjell. Båten er bygd i Hardanger og vart ombygd der i 1945-46. I 1968 kjøpte Kristen Feidje og Arne S Feidje denne båten. I 1973 overtok Kristen båten åleine. Båten vart brukt til mjølkeruta mellom Feios/Fresvik og Vik fram til vegen kom. Båten frakta også jernbanesviller frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord til Flåm.
![]() |
Stabburet på Dale i Feios |
Amalie Grindedal, Feios skule: Stabburet på Dale i Feios
Det er usikkert kortid stabburet blei bygd opp men det me veit er at det har stått der vertfall sida 1789. Det blei brukt til oppbevaring av mat som til døme er: Spekemat, mjøl, flatbrød og alt anna dei lagde som måtte stå tørt. Det som gjore til at eg valgde å ta bilete av Stabburet, var fordi den ligge på Dale i Feios der eg bur no.
![]() |
Gamle biblioteket i Feios |
Amalie Bøtun, Feios skule: Gamle biblioteket i Feios
Biblioteket står på Rinde. Tidlegare var Rinde ein stor gard i Feios. Bygget er veldig gamalt og vart brukt som bibliotek og bustad. Eg valgte dette kulturminnet fordi det er eit vakkert bygg, og fordi eg trur folk i Feios har gode minner knytt til huset.
![]() |
Bauta ved Osen bru |
Ingvild Berge Feidje, Feios skule: Bauta ved Osen bru
Bauta ved Osen bru i Feios. Sett opp i 1927.
![]() |
Naust i Feios |
Belinda Berdal Feidje, Feios skule: Naust i Feios
Dette er eit bilde av eit naust i Feios.
![]() |
Steigl-urda |
Steven Townsend, Feios skule: Steigl-urda
Røysa er truleg i frå 900- 950 e.kr. Det er blitt hevda at Fridtjov den Frøkne vart gravlagd her. Namnet på røysa er Steigl-urda. Seinare er den blitt kalla Per Haug-urda. Røysa er rund i forma.
![]() |
Gjeili på Øvrebøen |
Veronika Seim Bech: Gjeili på Øvrebøen
Ei gjeil er ei "gate" med stengsel på begge sider som vart laga for å kunne føre husdyra greitt gjennom slåttemarka på veg til og frå beita. Dei fleste har forsvunne i samband med dyrking og trong for effektivisering i landbruket. Gjeila på Hellane er om lag 130 meter lang og går tvers over Øvrebøen til utmarka. Eigar er Johannes Flæte.
![]() |
Linestrengar |
Veronika Seim Bech: Linestrengar
Det har vore mange linestrengar i kommunen men no er dei fleste borte. Linestrengane vart m. a. nytta til å line høy frå utmarksslåttane og ned til bygda. Fòrsankinga i utmarka var ein svært viktig ressurs på gardsbruka.
Linestrengen på biletet her er eit eksempel. Den går frå Færekletten til Bøgrindi i Valsvik, Framfjorden. Den er om lag 400 meter lang og har ei høge på ca. 300 m.
![]() |
Gamlevegen på Tenne |
Jon Nese: Gamlevegen på Tenne
Gamle Tennevegen er ein eldgamal buføre- og kløvjeveg i Arnafjorden. Ingen veit korg gamal vegen er, men vegen er i god stand og egnar seg godt til turar.
![]() |
Den blinde mannen og muren |
Johanna S. Vangsnes: Den blinde mannen og muren
Som barn minnest eg godt ein gamal, blind mann me kalla Bakka-Kristafår. Kristafår laga Bakkalabbar; filttøfler. På stovebordet hass låg blindebøker som han gjerne las høgt frå. Han kom frå ein liten husmannsplass, Bakkane, under eit av bruka på Indreneset. Han og faren rudde seg seinare eit eige lite bruk opp i skogkanten, i Brunndalen. Steinane dei plukka, la dei opp i to halvrunde murar. Det meste av arbeidet skal vere gjort av blinde Kristafår. Murane er sjeldan godt laga og er framleis heilt intakte. Dei står som eit minnesmerke over ein mann utan syn, men med gode hender.
![]() |
Mannsverk |
Johanna S. Vangsnes: Mannsverk
I Kleivadalen er det ein gamal steinmur. Segna fortel om ein kar frå bygda som hadde "gjort ei jente tjukk". For dette vart han dømt til døden,men om han på ein dag greidde å lage ein mur aleine nederst i Kleivadalen, skulle han få leve. Mykje stod på spel og mannen fullførte oppgåva.
Muren står der den dag i dag. Storleiken på steinane underbyggjer at ein mann åleine kan ha greidd dette. Sterk og glad i livet må han ha vore. Dette var eit godt manns verk og har gjeve navn til staden.
![]() |
Offergropene på Kallbakk |
Johanna S. Vangsnes: Offergropene på Kallbakk
Kallbakk er fjellstølen til Vangsnes. Dette har vore ein stor støl og enno er det restar etter mange tufter. Her finn ein det som nok har vore offergroper, også kalla skålgroper. Den største, som her er avbilda, ligg framfor ei gamal seltuft. På eit svaberg like ved har me funne 12 mindre sirkelforma groper. Det er tydeleg å sjå at dette er laga av menneske.
Dette kulturminnet er nok svært gamalt, då slike offergroper gjerne vert datert til Jernalderen. Funksjonen er uviss, men truleg vart dei brukt til ritualer og ofring. I "nyare" tid har budeiene lagt ut smør, fløyte eller rømme, for at det skulle gå både buskapen og folka vel. Dette kan vere restar av ein svært gamal tradisjon.
![]() |
Stavkyrkjedørene i Midttun |
Johanna S. Vangsnes: Stavkyrkjedørene i Midttun
Det gamle bustadhuset på garden Midttun på Vangsnes, rett under kyrkja, har to kjellardører, begge doble, ei ytterst og ei rett innanfor. Frå gamalt vart det sagt at inste dørane kjem frå den gamle stavkyrkja på Vangsnes, som vart riven i 1861. Stavkyrkja på Vangsnes var truleg ei av dei eldste i Sogn. Omtala byggjemetode tyder på at den er frå siste kvart av 1100-talet.
Begge dørene er måla, noko som nok er gjort i seinare tid. Stavkyrkja vart rosemåla innvendig og i tårnet på noverande kyrkje finn ein rosemåla bjelkar frå gamle kyrkja.
![]() |
Engi i Fresvik |
Marianne Bøtun: Engi i Fresvik
Heimestølen Engi i Fresvik utgjer forutan å ha lang historie og å vera i god hevd, ein naturleg innfallsport til UNESCO området Nærøyfjorden. Dette både forpliktar og gjev mogelegheiter.
![]() |
Løypestreng og bakkemurar i Fresvik |
Marianne Bøtun: Løypestreng og bakkemurar i Fresvik
I bakkane rett ovanfor min eigen gard i Fresvik, står framleis denne løypestrengen og bakkemurane til Pedersen inntakt. Beiting med sau ogtidkrevande slått held framleis landskapet opent. Eg voks sjølv opp med å høyra susinga av høybørane som vart sendt ned med løypestrengen etter hesjing lenger oppe. Det framkallar gode minner som eg håpar framtidige generasjonar også kan oppleva.
![]() |
Notanaustet i Fresvik |
Marianne Bøtun: Notanaustet i Fresvik
Dette er det siste notanaustet som er att i Fresvik og som har vore eit landemerke nær kaiområdet i all den tid. Historien sit i veggene her og også ein del eldre båtar og utstyr er intakt.
Naustet er no heldigvis under restaurering noko som både eg og mange med meg er svært glad for! Utan dette flotte bygget, så hadde bygda Fresvik vore fattigare. Noverande eigar som no har gripe fatt i dette fortener all støtte og ros.
![]() |
Fjellstølen Lægdene i Fresvik |
Marianne Bøtun: Fjellstølen Lægdene i Fresvik
Fjellstølen Lægdene i Fresvik med utgongspunkt i bufaresti frå Skard på Fresvikåsen, utgjer eit unikt stølsmiljø omkransa av ein fantastisk natur. Her ser ein vidt i alle himmelretningar og stølen utgjer ein del av UNESCO verna Nærøyfjorden. Setervollen blir framleis aktivt beita med sau og kyr av ein av grunneigarane. Eit flott område med ein rik historie som er vel verdt å ta vare på!
![]() |
Veidemur på Handadalseggi |
Marianne Bøtun: Veidemur på Handadalseggi
På tvers av Handadalseggi går ein ca 110 meter lang og 1,2 meter høg veidemur for eldre tider si jakt på villrein. Muren leda reinen utfor eit stup mot Handadalen, slik at ein kunne henta dyra att og frakta dei ned i Dyrdal. I kombinasjon med murern er det også fleire titals bogastiller i tillegg til mange dyregraver i tilgrensande fjellområder. Eit stort og unikt fangstanlegg også i nasjonal samanheng som me med rette kan vera stolte av.
![]() |
Bautaen på Rulsen |
Helge Grønningsæter: Bautaen på Rulsen
I år er det 70 år sidan 2. verdskrig enda. Bautaen som står på Rulsen er ei viktig påminning til oss som lever i dag, om alle norske kvinner og menn som kjempa for landet sitt mot naziangrepet frå Tyskland. Tre frå Vik - namna er hogd inn på bautaen - ofra livet i denne kampen. Kvar 17. mai er det ei verdig markering ved bautaen. Det er viktig at kommunen tek godt vare på bautaen og området rundt. Som eit viktig symbol på kampen for fridom og i takksemd til dei som ofra livet.
![]() |
Blodbøken på Hopperstad |
Helge Grønningsæter: Blodbøken på Hopperstad
Blodbøken ved Hopperstad stavkyrkje er veldig gammal og flott - om lag like stor som kyrkja sjølv. Treet kler kyrkja sers godt tykkjer eg. For nokre år sidan var det vel to blodbøktre ved kyrkja. Heldigvis er eit att og sers viktig å ta vare på lengst mogleg.
![]() |
Hove steinkyrkje |
Helge Grønningsæter: Hove steinkyrkje
Hove kyrkje bygd ca 1170 - ei langkyrkje i stein - er truleg den eldste steinkyrkja i fylket og ei av dei eldste i landet. Vi har mykje å takke arkitekten Peter Andreas Blix for, som kjøpte og berga kyrkja i 1880. Det er viktig at Vik kommune samarbeidar godt med dei kyrkjelege og statlege myndigheitene som har hovudansvaret for kyrkja.
Eit bilete lagt ved er kordelen mot aust med tre djupe nisjer med vakre glasmåleri og over det gamle steinalteret lyser både stjerner, sol og måne på himmelkvelven.
![]() |
Hove steinkyrkje |
Helge Grønningsæter: Hove steinkyrkje
Hove kyrkje bygd ca 1170 - ei langkyrkje i stein - er truleg den eldste steinkyrkja i fylket og ei av dei eldste i landet. Vi har mykje å takke arkitekten Peter Andreas Blix for, som kjøpte og berga kyrkja i 1880. Det er viktig at Vik kommune samarbeidar godt med dei kyrkjelege og statlege myndigheitene som har hovudansvaret for kyrkja.
Eit bilete lagt ved er kordelen mot aust med tre djupe nisjer med vakre glasmåleri og over det gamle steinalteret lyser både stjerner, sol og måne på himmelkvelven.
![]() |
Hove steinkyrkje |
Helge Grønningsæter: Hove steinkyrkje
Hove kyrkje bygd ca 1170 - ei langkyrkje i stein - er truleg den eldste steinkyrkja i fylket og ei av dei eldste i landet. Vi har mykje å takke arkitekten Peter Andreas Blix for, som kjøpte og berga kyrkja i 1880. Det er viktig at Vik kommune samarbeidar godt med dei kyrkjelege og statlege myndigheitene som har hovudansvaret for kyrkja.
Eit bilete lagt ved er kordelen mot aust med tre djupe nisjer med vakre glasmåleri og over det gamle steinalteret lyser både stjerner, sol og måne på himmelkvelven.
![]() |
Postkort tatt av fotograf Amede 1923/24 |
Gunvor Grov: Postkort tatt av fotograf Amede 1923/24
Gamle fotografi frå Sæbøgarden høyrer til mine beste minne.
![]() |
Gamlestova på Lunde |
Guro Halrynjo Lunde: Gamlestova på Lunde
Gamlestova på Lunde frå 1865. Huset er oppført med dobbel gråsteinsmur med mold i mellom som isolasjon. Tidleg på 1900-talet vart loftetasjen ombygd med fleire rom og brattare tak. Før låg sperrene ned på murane, og det var torvtak på huset. I seinare tid vart det lagt nytt tak, og utskiftning av alle vindauge. Oldefar min budde i huset fram til 1995. No blir huset brukt til feriehus for slekt, og diverse familiesamankomster. I tillegg blir dette huset benytta under Vidasete Opp. Eg valte dette som mitt kulturminne fordi huset er gamalt og fint, som eg vil dele med andre.
![]() |
Fangstanlegg for rein på Vikafjellet |
Eirik Langeland Tistel: Fangstanlegg for rein på Vikafjellet
På Vikafjellet finnst gamle fangstanlegg for rein. Biletet syner ei steinmurt dyregrav og del av ledegjerde (på stein i bakgrunnen). Dyregraver har truleg vore brukt heilt frå steinalderen. Fangst med hjelp av dyregraver vart forbode på slutten av 1800-talet. I dag er dei fleste dyregravene fyllte med stein.
Eg tykkjer det er spanande å sjå spor etter folk som levde før oss når eg går i fjellet.
![]() |
Skålgroper på Tistel |
Jonas Tistel: Skålgroper på Tistel
På Tistelhaugen, der eg bur, er det fleire skålgroper. Eg trur dei er veldig gamle, og at dei vart brukte til å ofra i.
Dette er mitt kulturminne 2015.
![]() |
Løytnantstova på Feidjane |
Victoria Midlang Harbakk, Feios skule: Løytnantstova på Feidjane
Løytnantstova står på Feidjane i Feios. Den vart bygd mellom 1720 og 1740 av ein tysk løytnant som heitte Rutzs. Difor heiter den Løytnantstova. Løytnantstova blei påbygd på 1800-talet. I 1958 blei det lagt inn straum i bygget, og i 2011-12 vart det gjort restaureringsarbeid.
Eg valgte Gamlestova som mitt kulturminne fordi på slutten av oldebesten /Per Feidje si tid hadde me av og til familien samla i gamlestova. Der stod han framfor barn, barnebarn, onkelungar og oldebarn, og fortalde om nokre av tinga som står i gamlestova. Det var veldig kjekt for han som hadde budd der som liten, og veldig intressant for meg og dei andre å høyre på.
Det er stor stas å ha denne gamlestova og ho blir ofte brukt i festlege anledningar. Ho vart mellom anna brukt i min barnedåp.
![]() |
Gruvevegen på Lee |
Vidar Lægreid: Gruvevegen på Lee
Gruvevegen # # Stien frå Framfjorden og opp til gruva var arbeidsvegen for dei mange gruvearbeidarane. Med ei stigning på ca 400 m. og i delvis bratt og ulendt terreng, var dette ein verkeleg utfordrande arbeidsveg, særleg vinterstid. Enno kan ein sjå restar etter vaierar og bruer som skulle gjera vegen tryggare å ferdast. # Denne sokalla Gruvevegen er no stort sett rydda og merka og framkomeleg for dei fleste. Difor er dette også eit viktig kulturminne å ta vare på. Gamlegruva og Gruvevegen er to kulturminner som høyrer saman.
![]() |
Gamlegruva på Lee |
Vidar Lægreid: Gamlegruva på Lee
Talkumindustrien var ei viktig næring for folket i Arnafjorden i nesten 100 år (1908-2003) og sysselsette på det meste over 100 mann. Gruveanlegget på Lee, Gamlegruva, var det største og i drift frå 1908 til 1956. Hovudgruva med fleire mindre gruver var i si tid ei av dei største talkumgruvene i Europa. Frå gruva, ca 400 m.o.h., vart malmen frakta med taubane til talkummølla nede ved fjorden. Framleis kan ein sjå gruveopninga, taubanehuset, transformatoren, smia og brakka som minnesmerke etter den store aktiviteten her i Gamlegruva. Etter at mølla vart riven sommaren 2014 er gruveanlegget på Lee det einaste som er att etter talkumindustrien i Framfjorden i tillegg til smia som står att på mølletomta. Difor er det svært viktig å ta vare på det som enno viser att etter den såkalla Gamlegruva. Dette var den fyrste gruva, i drift i nesten 50 år, og den som la grunnlaget for talkumindustrien her. Dette er nesten 100 år gamal industrihistorie og dessutan den fyrste store industribedrifta i Sogn, noko som ikkje må gløymast.
![]() |
Steingjerde på Feidjane |
Torstein Feidje: Steingjerde på Feidjane
Dette er restar av ein mur som har vorte brukt til å gjerde inne ei åkerslette. Åkeren vart laga der svaberga i terrenget gjorde det mogeleg å få til ei slette med jord som kunne dyrkast. Dette åkergjerdet kom fram i dagen då granfeltet på Feidjane vart hogge. Artig å sjå at dei i gamle dagar laga slike nødvendige åkerlappar.
![]() |
Handelsplass på Kvandalsleite |
Jan Kåre Fosse: Handelsplass på Kvandalsleite
Handleplassen ligg på Kvandalsleite, og er trulig mange hundre år gamal. Min onkel viste plassen ved sauesanking, og plassen vart vist av hans far som var i frå Eksingdalen. Legg merke til den eine steinen stolen som har ryggstø.
![]() |
Ytterdøri gbnr 1/68 |
Gunvor Grov:Ytterdøri gbnr 1/68
Inngangsdøri til mitt husvære er prega av elde og slitasje. Då eg kjøpte eigedomen i 2001, valde eg å ikkje måla døri. Huset med dei originale vindaugo vart skrapte og måla. Med luftblører og avskrala måling tykkjer eg det er ei vakker dør som harmonerer med den stilart huset har.
![]() |
Einebustad på Øyri |
Gunvor Grov: Einebustad på Øyri
Einebustaden frå 1923 med forretning i 1. høgdi vart teikna av eigaren O. P. Fosse som var ein dugande fotograf og forretningsmann. Ingebjørg (Bjørg) Fosse Holstad, dotter til O. P. Fosse og Berte Furehaug, dreiv forretninga etter faren sin død i 1945 og heilt til helsa svikta i 1978. Sidan har forretningsdelen vore utleigd; no til Vik Blomster AS.