Nyhende

Informasjon - vaksinering mot smittsam hjernehinnebetennelse
Publisert: 29. 01. 2018
av Åse Berit Balvoll
Vik kommunestyre har vedteke som ei prøveordning i 2017 og 2018 at kommunen skal dekke kostnader for vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse for
alle 18 åringar i kommunen. Elevar på vidaregåande skule får tilbod om denne vaksinen av skulehelsetenesta i januar eller februar 2.skuleåret.
Elevar frå Vik som tek vaksina vil få dekka utgifter til vaksinen ved å få utstedt vaksinasjonskort, signert og stempla kvittering frå vaksinatøren.
Denne dokumentasjonen må dei så levera/senda tenestetorget i Vik kommune saman med kontonummeret som pengane skal overførast til.
Bakgrunn for vaksinering/Informasjon