Nyhende

Informasjon om opptenning av bål i utmark
I perioden frå 15.april til 15.september lyt ein ha løyve frå brannvesenet for å gjere opp bål i utmark.
Den som gjer opp eld utandørs har eit stort ansvar. Forskriftene set strenge krav til risikoanalyse og sikkerhetstiltak ved bruk av åpen eld utandørs.
I perioden 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å tenne opp eld i eller i nærleiken av skogmark utan særskilt løyve. Du kan altså brenne hageavfall eller tenne St. Hansbål utan å innhente løyve, så sant dette ikkje skjer i eller i nærleiken av skogmark og tilhøva elles gjer det forsvarleg. Likevel bør du i slike tilfelle gje melding til brannvesenet over telefon. Det er det viktig å vere klar over at du har plikt til å vise aktsemd. Brot på aktsemdplikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Ver merksam på at brannsjefen alltid kan forby opptenning eller krevje at du sløkkjer open eld dersom det er openbar brannfare.
Det er viktig å undersøkja lokale bestemmelsar når det gjeld miljøhensyn.
Kontakt Sogn brann og redning dersom du ynskjer å brenna (tlf 482 96 929)
Dersom ein får løyve må ein i tillegg varsle alarmsentralen her finn du meldeskjema
Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Vik kommune finn du her
Forskrift som gjeld frå 1.januar 2016
Rettleiing til forskrift