Kulturminne

Kulturminneplan for Vik kommune til høyring

Framlegg til kulturminneplan for Vik kommune er no lagt ut til offentleg høyring. Du kan lesa dokumenta her. 

I tillegg vert kulturminneplanen i papirformat lagt ut på kommunehuset i Vik og på nærbutikkane i Framfjorden, Vangsnes, Feios og Fresvik. 

Plandokument:

Planen er ein tematisk kommunedelplan etter Pbl § 11.2. Planen gjev eit oversyn over verdifulle faste kulturminne i Vik kommune, og set opp mål og retningsliner for forvaltning av dei. Planen skal bidra til å redusera tapet av faste kulturminne, og sikra eit representativt utval for framtida.

Høyringsinstansar og eigarar vert tilskrivne.

Merknader må vera innkomne til: Vik Kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn, eller til postmottak@vik.kommune.no,  innan  23.06.2018

Du kan også senda inn svar til oss ved å nytta skjemaet nedanfor.

 






Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut