Kartutsnitt

Høyring - utbygging av breiband i Vik kommune

Vik kommune vil søkja om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Me vil i 2018 søkja om tilskot for Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen. 

Kartutsnitt
Søknadsområde

Eit av krava til søknaden, er at planen for utbygging skal vera lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. Bedrifter og innbyggjarar som ønskjer å uttala seg til høyringa, må gjera dette innan 25. april 2018.

Kommunen arbeidar for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut fiberbasert aksessnett til deler av kommunen, men mange har framleis eit aksessnett basert på ADSL og radiolinje med låg kapasitet og kvalitet.

Dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunane er stort.

For å betra situasjonen, vil Vik kommune søkja om finansiering til å byggja ut høghastigheits breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod. I tråd med IKT-strategiplan vedteken av kommunestyret 3.6.2016, vil me søkja om støtte til:

  1. Seljadalen/Ovrisdalen/Bødalen (blått felt på kartet)

Områda kommunen planlegg å søkja støtte til, er vist skravert i kartutsnittet. Me gjer merksam på at tilskotsordninga ikkje opnar for å søkja støtte til område som alt har tilbod om 30 Mbit/s nedstraums kapasitet eller meir, og heller ikkje der det er planlagt utbygging av slik kapasitet.

I samband med søknaden vil me invitera bedrifter og innbyggjarar til å koma med innspel i forhold til utbyggingsplanane til kommunen.

Fristen for høyringa er 25. april 2018.  Innspel kan sendast på e-post til postmottak@vik.kommune.no og merkast "høyringsuttale breibandsutbygging". Du kan og senda inn din merknad ved å nytta skjema nedanfor. Merknaden går då direkte til kommunen sitt postmottak.

 






Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut