Vikja-Seimsvegen avgrensa område-illustrasjonsfoto 2

Områderegulering Vikja - Seimsvegen. Avgrensa høyring

Revidert planforslag vert no sendt på avgrensa høyring til ein del av dei berørte grunneigarar/partar som har uttala seg til planforslaget ved offentleg ettersyn.

Framlegg til reguleringsplan for Vikja-Seimsvegen vart i samsvar med §12-10 i Plan- og bygningslova sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 02.05.2017-20.06.2017. Det kom inn fleire merknader frå grunneigarar og berørte partar i området. Vik kommune, som tiltakshavar av planen, har no revidert planforslaget i samsvar med ein del av merknadane. 

I det reviderte planforslaget er det lagt til ei ny avkøyrsle frå Elvagata til BN1, veg og parkeringsplass (SV2) og område for gangveg (SGG1) nord for miljøstasjonen til SIMAS er gjort smalare for å gi mest mogeleg areal til BN1 og fellesavkøyrsla til BRE/BSK og BN2 er justert slik at den legg minst mogeleg beslag på areal framfor Industrihus III. I tillegg er rekkefølgjekrav i føresegnene endra slik at opparbeiding av den grøne buffer/anna veggrunn – grøntareal er knytt opp til bygging av fortau og køyrveg (Elvagata).

Vedlagte dokument:

Merknadskjema – avgrensa høyring

Vikja - Seimsvegen Føresegner rev. 14.12.17

Vikja - Seimsvegne Plankart 11.12.17

Vikja - Seimsvegen Illustrasjonsplan

Merknader må sendast til:
Vik kommune
boks 134
6891 Vik i Sogn

eller på e-post til: postmottak@vik.kommune.no 

Frist for uttale er sett til 22.01.2018.

Merknad/innspel kan og innsendast på formularet nedanfor. Merknaden/innspelet går då direkte til kommunen sitt postmottak





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut