Motorferdsel i utmark

Motorferdsel i utmark
Motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbode, regulert gjennom Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, men lova  tek ikkje sikte på å hindre nausynt ferdsel til anerkjente nytteformål.

  • "Motorferdsel" omfattar alle typar motordrevne framkomstmiddel.
  • "Utmark" er areal utanfor innmark, der stølsområde, kulturbeite, skogplantefelt, og skogsvegar som ikkje er opparbeidd for bil er døme på areal som vert rekna som utmark etter motorferdselslova.

Reglane for motorferdsel på snøføre er mindre strenge enn for køyring på barmark, fordi det gjev mindre skader på terreng og vegetasjon enn barmarkskøyring.

Utan søknad
Nokre eksempel på køyring som er lov utan søknad:

  • Transport ved bygging i samsvar med byggeløyve.
  • Naudsynt person og godstransport i jordbruks - og skogbruksnæring (jakt, fangst, fiske og bærplukking vert ikkje rekna som næring i denne samanheng).
  • På snødekt mark: Naudsynt transport av ved frå eigen eigedom til fast bopel.
  • Anlegg og drift av større vegar og anlegg.
  • Opparbeiding og preparering av skiløyper og skibakkar for ålmenta og for konkurransar, når det skjer i regi av kommunen, hjelpekorps, idrettslag, turlag eller turistbedrifter.
  • Politi, ambulanse, redningsteneste, offentleg oppsyn m.m.

Etter søknad
Ein kan få løyve til noko meir motorferdsel i utmark etter skrifteleg søknad til kommunen, td.

  • Ervervsmessig transport
  • Transport for funksjonshemma
  • Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg, når det i området ikkje er mogeleg å få leigd transport
  • Transport av ved
  • Transport av byggemateriale
  • Tømmertransport for grunneigarar som ikkje har jord- eller skogbruk som næring.

Søknader som gjeld motorferdsel innanfor Stølsheimen eller Nærøyfjorden landskapsvernområde skal sendast og avgjerast av Verneområdestyret.

Leigekøyring
I Vik kommune har tre personar løyve til leigekøyring. Desse er:

  1. Omar Vangsnes, for området Vangsnes.
  2. Kurth Martin Helleland, for området Feios
  3. Magnar Nåsen, for området Fresvik-Jordalen og Vikafjellet aust for Vikafjellsvegen.

Vik kommune og politiet har laga ein informasjonsfolder om Motorferdsel i utmark (PDF).

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar