Viltforvaltninga i Vik kommune

Kommunen har mellom anna forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne. Vi gjev råd og rettleiing i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt.  Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

Døme på kommunale oppgåver i viltforvaltninga:

  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve hjort.
  • Kontroll/registrering av fellingsrapporte, rapportering SSB
  • Registrering og analyse av sett hjort- og slaktevektskjema
  • Godkjenning av vald og bestandsplanområde
  • Godkjenning av bestandsplan for hjort
  • Fastsetjing av minsteareal for hjortevald
  • Organisere vårteljing for hjort saman med storvalda
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond
  • Avvikle eksamen for jegerprøven

Skadd vilt og påkøyrd hjort
Dersom du køyrer på ein hjort eller ser anna skada vilt skal du merke staden (merkeband, plastpose ol.) og varsle politiet på tlf 02800.

Vik Sporhundlag
Vik kommune har avtale med Vik Sporhundlag om ettersøk av skada og sjuke dyr. Ved påkøyrsler skal politet skal alltid varslast og dei kan stå for kontakten vidare til sporhundlaget og eventuelt kommunen. Du kan og sjølv kontakte sporhundlaget på vakttelefon 97 59 72 15 i perioden 1. september til 1. mai.

Villrein
Villreinforvaltninga er lagt til Villrein-nemndene. Forvaltninga av reinen i Fjellheimen ligg til Villreinnemnda for Norefjella og Fjellheimen. Olav J. Bøthun er politisk oppnemnd representant for Vik kommune. Meir informasjon finn du her: Villrein.no

Småviltjakt
For å jakte småvilt må ein ha løyve frå grunneigarane. Nokre grunneigarlag sel også jaktkort. Ta kontakt med leiarane i grunneigarlaga (finn kontaktperson i lista  «Lag og organisasjonar på kommunen si nettside). Vik jakt og fiskelag sel også jakt og fiskekort og har god oversikt.

Forvaltning av hjort i Vik kommune

Jaktrettshavarar tok initiativ til å utarbeide "Bestandsplan for Vik hjorteviltområde 2016-2018", som vart godkjent i Kommunestyret 21.06.16.

Bestandsplan (pdf)
Vedtak (pdf) 

Dei 15 valda som har tilslutta seg omfattar 86% av alt teljande areal i kommunen. Forvaltningsmålet er å halde bestanden på 2016-nivå med høg produktivitet, stabile slaktevekter, redusert skadeomfang, betre avgjerdsgrunnlag for forvaltninga og godt samarbeid mellom jaktrettshavarane.

Med bakgrunn i bestandsplanen  tek/får jaktrettshavarane eit større ansvar for forvaltning av hjorteviltbestanden. Bestandsplanen og organiseringa opnar for ei ny og meir fleksibel forvaltning, der ein ser heile hjortestamma i kommunen under eitt. Dette gir eit godt grunnlag for å få til ei hjorteforvaltning med reduserte konfliktar og vedvarande god produksjon og avkastning.

I styret for Vik hjorteviltområde (VHO) sit 7 meldlemmar. Dette er leiarane for dei fem storvalda  samt to representantar for enkeltvalda som her tilslutta seg bestandsplanen.

Arnafjord Storvald     Ola Engum
Vik Vest Storvald       Tore Røyrvik (leiar)
Vik Aust Storvald       Omar Vangsnes
Feios Storvald           Ingvar Vangsnes
Fresvik Storvald        Geir Ove Bøthun (nestleiar)
Enkeltvald Aust          Leidulf Breidli
Enkeltvald Vest          Harald Hanekam

Styret og viltansvarleg i kommunen har møter minst 2 gonger pr.år der aktuelle saker vert drøfta. Kommunen legg stor vekt på vedtaka styret.

Vedtekter for Vik hjorteviltområde av 21.09.16. PDF document ODT document

Referat frå møta vert lagt ut her:
Referat 18.08.2016
Referat 21.09.2016
Referat 28.02.2017
Referat 28.06.2017

Dei ti valda som ikkje er tilslutta bestandsplanen får tildelt fellingsløyve direkte frå kommunen som før, men det vert teke omsyn til avskytingsplanen i bestandsplanen ved tildelinga av løyva med omsyn på kjønn og alder.


Nettstadar

Miljødirektoratet fastsette ny hjorteviltforskrift i jan. 2016, og gjeve ut ein rettleiar som kan lastast ned her.

http://www.miljødirektoratet.no/no/Publikasjoner/2016/Januar-2016/Forskrift-om-forvaltning-av-hjortevilt--med-kommentarer/

Viltansvarleg:  Veronika Seim Bech 



 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar