Du er her: Heim Næringsliv Jakt og fiske

Jakt og fiske

Laksebilete ved Vikja

Jakt
I Noreg er jaktretten ein del av grunneigarretten. Det vil sei at for å jakte treng ein i utgangspunkt løyve frå grunneigaren.

Alle som skal jakte på vilt i Noreg må ha bestått jegerprøven. I Vik kommune er det Vik Jakt- og fiskelag som har ansvar for jegerprøven. Det blir halde kurs om lag anna kvart år, og Vik kommune si landbruksavdeling har ansvar for eksamen.

Reinsdyr
Denne jakta er i utgangspunktet berre open for innanbygds busette/grunneigarar. Det er grunneigarlaga i Vik som tildeler løyve etter søknad frå grunneigarane. Fellingskvoten kan variera mykje frå år til år. Jakta startar 20.08.og varer til ut september

Hjort
Vik kommune si plan og forvaltningsavdeling har forvaltningsansvaret for hjortejakta.
Sjå viltforvaltning.
 

Småviltjakt
Småviltjakta er open for alle som er registrerte i viltregisteret, men ein må kjøpe jaktkort.
Grunneigarlaga sel jaktkort til småviltjakta. Gamle Trevaren sel kort for nokre av områda (tlf 57 69 75 10).

Endeve sport på Voss, og Voss fjellandsby i Myrkdalen (ekspedisjonen) har òg sal av kort.
I tillegg er det mogeleg å få tak i kort på vegen inn til Kvilesteinen  (eigen kasse ved bom)
Prisar for kort og reglar for bruk av hund på jakt varierer.

Meir informasjon om småviltjakt på Vikafjellet finn du hjå Vik Jakt- og fiskelag.



Fjellvatn
Du kan få kjøpt fiskekort for fiske i fjellvatna hjå JJ Design (tlf 57 69 75 10).
Grunneigarlaga ,  Endeve sport på Voss, og Voss fjellandsby i Myrkdalen (ekspedisjonen) har òg sal av kort.

I tillegg er det mogeleg å få tak i kort på vegen inn til Kvilesteinen  (eigen kasse ved bom)
Du kan kjøpe fiskekort for alle sonene eller enkelt soner - sjå kart. Kortet gjeld for fiske med stang og oter.

Lakseelva Vikja
Det er grunneigarane som i utgangspunktet disponerer fiskerettane i elva. Nokre av desse rettane er leigd ut til Vik jakt- og fiskelag, som har vidareutleige til medlemar og andre.Vikja er rekna som eit nasjonalt laksevassdrag.


Kontakt:
Vik jakt og fiskelag er leia av Morten Jacobsen - telefon: 901 08 631/917 05 988
Laget har eiga nettside. Her finn du meir om fiskesesongar og prisar.

Direktoratet for naturforvaltning om jakt og fiske

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar