Du er her: Heim Næringsliv Villrein

Villrein

Villreinen nyttar dei store fjellpartia sør for Sognefjorden, og Fjellheimen villreinområde strekker seg frå Fresvik i aust til Masfjorden i vest. Det har vore tamrein i området tidligare, men i 1966 ble det bestemt at dyra skulle forvaltast som villrein. Vinterstamma av rein skal liggja på om lag 500 dyr. 

Då landskapet er kuppert finn reinen mange gode terrengkvalitetar, mellom anna snøfonner til vern mot insekt i dei varmaste periodane om sommaren. Vinterbeitene representerer cirka 10 prosent av terrenget, mens sommarbeita er svært rike.

Fangstanlegg og dyregraver syner at dette har vore villreintrakter frå gamalt av. Spesielt interessant er store massefangstanlegg ved Fresvikbreen.

Villreinområdet omfattar kommunane Voss, Vaksdal og Modalen i Hordaland og Aurland, Vik og Høyanger i Sogn og Fjordane.

Forvaltningsansvaret for villrein ligg hjå Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar