Bileta frå Vikja

Hovudplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø. Oppstart av planarbeid

Vik kommune varslar med dette oppstart av arbeid med hovudplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø i medhald av plan- og bygningslova §11-12. 
Planen skal vera ein tematisk kommunedelplan etter plan- og bygningslova §11-2.

Planarbeidet er i samsvar med vedteken planstrategi for Vik kommune 2016-2019. Planen skal kartleggje eksisterande situasjon og stake ut framtidige løysingar for vassforsyning, avlaup og vassmiljø i kommunen.

Førebels utkast til hovudplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø er lagt her, til orientering:

Høyringsinstansar vert varsla med eige brev. I etterkant av merknadsfristen vil Vik kommune arbeide vidare fram mot eit fullstendig planforslag. Asplan Viak as er engasjert som rådgjevar for planarbeidet. Planforslaget skal opp til handsaming i formannskapet før det vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn

Merknader til oppstartsvarsel kan sendast innan 8. april 2019 til postmottak@vik.kommune.no eller via formularet nedst i denne artikkelen.

Tips ein ven  Skriv ut