Vik3[2]

Høyring - Budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025

Formannskapet sitt framlegg til økonomiplan for perioden  2022 – 2025  og budsjett 2022, er lagt ut til offentleg høyring jfr Kommunelova §14-3. 

Høyringsfrist er sett til 14.12.2021.

Dokumenta kan du henta her:


Utskrift av økonomiplandokumentet er og lagt ut i ekspedisjonen i Kommunehuset.

Formannskapet handsama saka 25.11.2021 og gjorde slikt vedtak:

Formannskapet vedtek rådmannen sitt framlegg til vedtak med følgjande endringar:

Vik kommune tek inn att desse kutta i Helse og velferd for 2022:

  • Reduksjon bemanning heimehjelp.
  • Utkøyring middag.
  • Reduksjon utstyr kjøken.

Stilling på økonomi/stab vert teke ut av budsjettet. 

Det vert innført ei kommunal velferdskasse, disponert av dei tilsette, finansiert ved eit årleg bidrag på kr 500,- for kvar tilsett.

Investeringsbudsjettet:

  • Midlar til Fridtjovparken blir flytta fram til 2022.
  • Investeringsmidlar knytt til seksjon industrihuset kr 5,5-2,5 og 2,5 mill vert flytta med start i 2023. Det vert innleia forhandlingar med aktuelle etatar for å få utvikla eit lokalt «blålyshus-prosjekt».
  • Det vert avsett kr 1 mill i 2022 som prosjekt/planmidlar/investeringsmidlar for tiltak i retning av å utvikla Vik som reiselivskommune.
  • Det vert avsett kr 1 mill i 2023 for å utvikla Kålsete som fleirbruksanlegg. Prospektet skal gjera greie for ei samlokalisering av eit sentralt skyteanlegg og motorsportanlegg.
  • Det vert avsett kr 0,5 mill som kommunalt bidrag til miniatyrskyteanlegget på SIMAS sin miljøstasjon i 2022.

Samrøystes.

Merknader og evt. innspel til dokumenta skal sendast:

Vik Kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn,  

eller på e-post til kommunen sittt postmottak med adresse postmottak@vik.kommune.no

Du kan og sende inn din merknad ved å nytte skjema nedanfor. Merknaden går då direkte til kommunen sitt postmottak.

 

Tips ein ven  Skriv ut