Vik3[2]

Høyring - Budsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024

Formannskapet sitt framlegg til økonomiplan for perioden  2021 – 2024  og budsjett 2021, er lagt ut til offentleg høyring jfr Kommunelova §14-3. Høyringsfristen er 15.12.2020.

Høyringsfrist er sett til 15.12.2020.

Dokumenta kan du henta her:


Utskrift av økonomiplandokumentet er og lagt ut i ekspedisjonen i Kommunehuset.

Formannskapet handsama saka 26.11.2020 og gjorde slikt vedtak:

Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021 - 2024 blir lagt ut på høyring, og lagt fram for kommunestyret, med følgjande framlegg til endringar:

  • Tiltaket "Reduksjon av valkretsar til ein krets" i rådmannen sin tiltakspakke skal ikkje gjennomførast, og blir teke ut av budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2021 - 2024.
  • Tiltaket "Organisasjonsgjennomgang effektivisering" i rådmannen sin tiltakspakke skal ikkje gjennomførast, og blir teke ut av budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2021 - 2024.
  • Tiltaka "Strukturendring skule/utgreiing 2021", "Strukturendring barnehage - nedlegging Valsvik", "Strukturendring barnehage/utgreiing 2021" i sektoren oppvekst, i rådmannen sin tiltakspakke skal ikkje gjennomførast, og blir teke ut av budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2021 - 2024.
  • Tiltaket "Redusert bruk av personale i plantid barnehagane" blir delvis lagt inn att ved å gi Vik barnehage 200.000,- kr til å halda fram med plantida første halvår 2021. Dette er grunngjeve med ekstra utfordringar i samband med korona-pandemien, og tiltaket skal finansierast med ekstra tildeling av "koronamidlar".
  • Sektoren Helse og velferd får tildelt kr 500.000,- i 2021 nytt tiltak; "Leiarutvikling i sektoren Helse og velferd".
  • Tiltaka "Strukturendring skule 2022, FDV", "Strukturendring barnehage 2022, FDV", "Strukturendring barnehage-nedlegging Valsvik" i sektoren tekniske tenester, i rådmannen sin tiltakspakke skal ikkje gjennomførast, og blir teke ut av budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2021 - 2024.
  • Budsjett for 2021, alle sektorar, blir kutta med 0,5%.
  • Budsjett for 2022, alle sektorar, blir kutta med 1%.

Samrøystes.

Merknader og evt. innspel til dokumenta skal sendast:

Vik Kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn,  

Merknad kan sendast til kommunen sin e-post   

Du kan og sende inn din merknad ved å nytte skjema nedanfor. Merknaden går då direkte til kommunen sitt postmottak.

 

Tips ein ven  Skriv ut