Offentlege høyringar
![Vik3[2]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/4780458.1656.ssizqbbstt7ujk/700x0/6350000_4780458.jpg)
Høyring - Budsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024
Formannskapet sitt framlegg til økonomiplan for perioden 2021 – 2024 og budsjett 2021, er lagt ut til offentleg høyring jfr Kommunelova §14-3. Høyringsfristen er 15.12.2020.
Høyringsfrist er sett til 15.12.2020.
Dokumenta kan du henta her:
Utskrift av økonomiplandokumentet er og lagt ut i ekspedisjonen i Kommunehuset.
Formannskapet handsama saka 26.11.2020 og gjorde slikt vedtak:
Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021 - 2024 blir lagt ut på høyring, og lagt fram for kommunestyret, med følgjande framlegg til endringar:
- Tiltaket "Reduksjon av valkretsar til ein krets" i rådmannen sin tiltakspakke skal ikkje gjennomførast, og blir teke ut av budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2021 - 2024.
- Tiltaket "Organisasjonsgjennomgang effektivisering" i rådmannen sin tiltakspakke skal ikkje gjennomførast, og blir teke ut av budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2021 - 2024.
- Tiltaka "Strukturendring skule/utgreiing 2021", "Strukturendring barnehage - nedlegging Valsvik", "Strukturendring barnehage/utgreiing 2021" i sektoren oppvekst, i rådmannen sin tiltakspakke skal ikkje gjennomførast, og blir teke ut av budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2021 - 2024.
- Tiltaket "Redusert bruk av personale i plantid barnehagane" blir delvis lagt inn att ved å gi Vik barnehage 200.000,- kr til å halda fram med plantida første halvår 2021. Dette er grunngjeve med ekstra utfordringar i samband med korona-pandemien, og tiltaket skal finansierast med ekstra tildeling av "koronamidlar".
- Sektoren Helse og velferd får tildelt kr 500.000,- i 2021 nytt tiltak; "Leiarutvikling i sektoren Helse og velferd".
- Tiltaka "Strukturendring skule 2022, FDV", "Strukturendring barnehage 2022, FDV", "Strukturendring barnehage-nedlegging Valsvik" i sektoren tekniske tenester, i rådmannen sin tiltakspakke skal ikkje gjennomførast, og blir teke ut av budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2021 - 2024.
- Budsjett for 2021, alle sektorar, blir kutta med 0,5%.
- Budsjett for 2022, alle sektorar, blir kutta med 1%.
Samrøystes.
Merknader og evt. innspel til dokumenta skal sendast:
Vik Kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn,
Merknad kan sendast til kommunen sin e-post
Du kan og sende inn din merknad ved å nytte skjema nedanfor. Merknaden går då direkte til kommunen sitt postmottak.