nav

Hjelp til bedrifter og arbeidstakarar

Strakstiltak kan hjelpe bedrifter og arbeidstakarar. Reglar for permittering finn du hjå NAV.

Takk for god kontakt i ein vanskeleg og uavklart situasjon
 
Me ynskjer å takke for god kontakt, og samhandling mellom NAV og bedrifter gjennom helga, og i denne hektiske starten på veka. 
Enkelte er kjend med permitteringsregelverket frå før, medan det for andre er første møtet med dette verktøyet.
 
Ventar på avklaring av strakstiltak:
Det er varsla og pågåande behandling av fleire strakstiltak som skal hjelpe både bedrift og arbeidstakar. 
Tiltaka er ikkje endeleg avklart og vedteke, og sidene våre vert oppdatert så snart avklaringar er kome frå regjeringa, vonleg i slutten av veka.
 
Samleside på nav.no:
nav.no er det forfatta ei god oversikt om permittering til deg som skal, eller står i fare for å måtte permittere. 
Her kjem det fram gode avklaringar kring fleire emne, som er heilt sentrale i permitteringssituasjonar. 
 
nav.no kjem det fram følgande avklaringar i denne situasjonen:
 
1. Kva må vere med i eit permitteringsvarsel?
Varselet skal vere datert .
Det skal angi varselfrist, permitteringsårsak, permitteringsgrad, permitteringsperiode og kven som vert permittert.
Det skal og koma fram kva dagar arbeidsgivar har lovpålagt lønsplikt. 
Varslingsperioden vert rekna i kalenderdagar, medan lønspliktsperioden vert rekna i arbeidsdagar. 
Ein må fylle ut eit permitteringsvarsel for kvar enkelt arbeidstakar.
 
2. Korleis skal eg rekne lønspliktsdagar om eg ønskjer å permittere gradert?
Særleg er det viktig å bite seg merke til at det vil verte gradert lønsplikt, mot løn, om ein varslar om å permittere gradert. 
Det vil seie at om endringa med 2 lønspliktsdagar vert ført i penn på fredag, vil ein arbeidsgivar som permitterer 50 % måtte betale lønsplikt i det som tilsvarar 2 dagar.
Den tilsette som arbeider 100 %, og vert permittert 50 %, skal soleis ha løn, og løn dekka av lønsplikta, i 4 dagar før staten tek over. 
Sjå elles eksempel som vist til i rundskrivet.
 
3. Korleis skriv eg eit varsel om permittering?
Arbeidsgjevarorganisasjonane utarbeider ofte eigne malar, men du finn òg ein mal på Altinn som alle har tilgang til: Permitteringsvarsel 
 
 
 
NAV arbeider for øvrig med å utvikle eit digitalt skjema for å varsle NAV om permitteringar der 10 eller fleire tilsette vert råka, og vil legge ut lenke til dette når det føreligg.
 
 
Me vonar denne informasjon er til hjelp for dykk, og me takkar for samarbeidet så langt. 
Minnar om at det framleis er mogleg å ta kontakt med oss.
 
Med venleg helsing
 
NAV Vik
 
Tips ein ven  Skriv ut